Tekjøkkenpraten: Rektor Geir Magne Engås


Rektor Geir Magne har fått to års permisjon for å vere leiar for Misjonssambandet sin familiebibelskule i Nairobi i Kenya.

Når Vestborg startar opp i august, så er det Håkon Hovda som styrer Vestborg-skuta. Difor tok vestborg.no ein tekjøkkenprat med Geir Magne – på hans eige kontor.

Geir Magne har jobba ved skulen i 12 år, og han har vore rektor i 10 av dei. Men då han kom til Vestborg i august 2006, såg han ikkje for seg at han skulle bli leiar ved skulen.

Eg kom for å jobbe ved sal- og servicelinja, og eg skulle ha fokus på økonomi- og marknadsføring. Det var ingen planar om å verte rektor, men dåverande rektor, Odd Rannestad, fekk meg på trua til at eg kunne gå inn i ei sånn gjerning.

- Korleis har åra vore?

-Dagane har vore både utfordrande og krevjande, men veldig kjekke. Noko av det eg har sett mest pris på er kontakten med elevane. Det å få vere i lag med ungdomar er veldig stor stas, og kanskje ekstra kjekt når ein ser dei utviklar seg både fagleg, sosialt og andeleg. På ei anna side så har eg også lært mykje av dei. Mange av både noverande og tidlegare elevar har vore ivrige på å lese i Bibelen, samt å setje trua si ut i praktisk liv. Dei er både gode på bry seg om andre og på å gje kompliment. Dette har vore til inspirasjon for meg.

I løpet av åra i rektorstolen har Geir Magne sett ei endring i seg sjølv.


- Eg har mykje meir erfaring om livet enn eg hadde i 2008. Mellom anna kan eg i større grad no sjå ting frå fleire sider. Eg har også lete meg imponere over alt som dei tilsette ved skulen yt. Det får utslag i engasjement og vilje til å backe og støtte elevane på mange områder i livet.

- Kva for prosessar vil du trekke fram?

- Eg er glad for at vi frå hausten kan starte idrettslinje. Området rundt Stranda har eit stort potensiale med tanke på å drive ei god idrettlinje. Eg vil også nemne det har vore spennande å jobbe med pedagogiske prosessar. Elles har likar eg å halde på med praktiske oppgåver. Mellom anna så har vi fått ballbinge på tunet, og no står snart gapahuken klar – medan me også har fått gradert opp matsalen og fått på plass eit bibliotek. Eg er også glad for at vi har fått Simon Morris som ungdomsleiar. Han har eit hovudansvar for å ta hand om det kristne arbeidet.

- Kva har vore høgdepunkta dine?

- Det var veldig gøy i si tid å sende Une Simonsen til matte-OL i Kasakhstan, men eg set også pris på når elevar kjem bort for å takke for åra på Vestborg. Mange kan fortelje om vekst i både sjølvtillit og personlegdom. Likevel er det eit ekstra stort høgdepunkt når vi får høyre om elevar som har teke imot Jesus. Då er det fest!

- Har du nokre artige opplevingar å dele?

- Det var veldig gøy å danse ballett på ein av festane våre saman med dåverande kollega Oddbjørn Maridal. Elles var det godt gjort elevane på Drege som eit år hadde ei høne inne i dusjen. Det klarte dei å halde skjult ein månad før det var oppdaga!

Frå og med i haust av reiser Geir Magne og familien til Nairobi i Kenya. Der skal han vere leiar for skulen familien var elevar ved i tre månadar.

- Korleis blir det?

- Eg gler meg, men det vert heilt noko anna enn Noreg – med anna kultur og språk. Men vi vi reiser ut som familie. Sist vi var ute opplevde vi at det var ein god måte å vere saman som familie på. Ja, eg trur det kunne ha vore lurt for alle familiar å gjere noko slikt - å setje kvardagslivet litt på pause.

Til slutt slepp Geir Magne til med nokre ord som kan summere opp tida på Vestborg.

- Eg vil gjerne takke for alle eg har møtt og fått jobba i lag med gjennom desse 12 åra eg har vore tilsett ved skulen. I løpet av desse åra har eg også opplevd at skulen betyr mykje for mange i regionen vår, og det har vore godt å kjenne på støtta frå misjonsfolket. Eg håpar at Håkon Hovda, Vestborg sin nye rektor, merke den same støtta som eg har fått oppleve, seier han.

 

 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no