Susann Bjørnerem

 

– Elevane er inkluderande med kvarandre, seier VG3-elev Susann Bjørnerem

– Det er veldig bra å vere elev på Vestborg, seier ho.

Susann har vakse opp i sentrum av Molde, men kom til Vestborg i august 2015 – som ny i 2. klasse.

– Her er veldig bra folk, seier Susann.

– Kva meiner du med «bra»?

– Elevane på Vestborg er hyggjelege og inkluderande med kvarandre. Her finn vi på artige ting i lag, og vi kan snakke med kvarandre om alt. Det gjer at vi kan stole på kvarandre, og vi får venskap for livet, skildrar ho.

Molde-jenta fortel at ho valde Vestborg og Stranda fordi ho ville prøve noko nytt.

– Dessutan er eg glad i naturen og i sport. Her på Stranda ligg tilhøva til rette for å dyrke interessa eg har for fysisk aktivitet.

VESTBORG SINE STYRKAR

Ho fann seg fort til rette i Vestborg-miljøet.

– Eg kjende ingen i klassen min før eg byrja, men folk var så opne her at det gjekk veldig bra å bli fort kjend med dei nye klassekameratane mine.

– Kva ser du på som Vestborg sine styrkar?

– Det er eit veldig bra miljø der ein bryr seg om veldig om kvarandre, noko som gjer at ein kjem lettare under overflata i samtalar. Eg trur årsaka til det er at vi har så mykje tid i lag både i skule- og fritid. Dessutan er Vestborg ein plass der det er veldig godt å ha blikket festa på Jesus. Her har vi andre å dele trua med, og her kan vi vekse i trua. Vi har bibelgrupper, møter, KRIK-samlingar og bønemøter. Elles har vi eit godt fagutval til å vere ein så liten skule, og dersom vi treng hjelp til skulearbeid, er vegen kort til naborommet. I tillegg har vi leksehjelp.

– Etter ikring 1 ½ år som Vestborg-elev, så har Susann gjort seg nokre erfaringar.

– Eg har lært mykje om meg sjølv. Mellom anna har eg funne meir ut om korleis eg fungerer saman med andre, korleis eg likar å jobbe med skulearbeidet og kva mine verdiar i livet er. Eg har også lært om korleis andre menneske fungerer. Dessutan har eg har vekse i trua.

JOBBA MED VERDAS BESTE FOTBALLSPELARAR

I skrivande stund nærmar det seg jul, men likevel skal vi gå tilbake i tid. Årsaka er at Susann sommaren 2016 hadde ein uvanleg sommarjobb.

– Eg var «outdoor adventure instructor» på eit fotballakademi for jenter utanfor Boston, Massachusetts på nordaustkysten i USA. Der var eg i sju veker, og hovudoppgåva mi var å vere med på å legge til rette for utandørsaktivitetar når jentene ikkje var på fotballtrening.

– Korleis opplevde du sommarjobben din?

– I fritida reiste eg litt rundt, og eg var mellom anna i New York. Men sjølve jobben gjorde at eg fekk sett innsida av USA på ein annan måte enn eg ville gjort om eg var turist. Berre det å få jobbe med Mia Hamm og Kristine Lilly, blant tidenes aller beste kvinnelege fotballspelarar, var stas. Elles fekk eg prøve ut mange ting som eg elles ikkje plar å gjere. Det var rett og slett gøy å vere der, og i samspel med deltakarar og instruktørar fekk bruk for det eg hadde lært på Vestborg om meg sjølv og andre, fortel Susann.


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no