Tekjøkkenpraten: VG1-elev Feven Alemu

 

Feven kjem frå Sandane i Nordfjord og byrja i VG1, studiespesialiserande, i august.


-Korleis har du det her på tunet?

-Eg trivast veldig bra! Her er veldig mange bra lærarar, og dei bryr seg om oss og ser kvar enkelt av elevane. Det merkast også at dette er ein kristen skule, for her er det veldig mange greie folk som respekterer deg. Ja, det er rett og slett lett å forelske seg i Vestborg!

-Korleis opplever du det å bu på internat?

-Det er skikkeleg kjekt. Vi har eit heilt fantastisk fellesskap, og vi respekterer kvarandre så mykje at blir kjempefint å bu saman på denne måten.

Feven set også pris på kontakta ho har med elevar på andre årssteg enn sitt eige.

-Eg føler at me ikkje trong å blande oss med 2. og 3. klassingane. Vi var blanda med ein gong vi kom her. Spesielt artig var det når det var «krig» mellom russen og oss i VG1. Då fann vi på mykje artig – som også knytte oss saman.

KICK-OFF

Årsaka til at Feven byrja, var at ei venninne tok ho med på kick-off-helga i fjor.

-På kick-off møtte eg mine nye mine nye medelevar, og då eg merka kor godt forhold det var mellom elevane på skulen, så bestemte eg meg der og då for å byrje på Vestborg, fortel ho.

Den siste helga før vinterferien var det «Vision» på Vestborg. «Vision» kan skildrast som eit mini-UL der tidlegare Vestborg-elevar kjem og held møte for dagens Vestborg-elevar.

-Det var ei heilt fantastisk helg med lovsong og talar, seier Feven.

UNDER 

Under «Vision» opplevde Feven noko heilt spesielt: 

 

-Eg haldt på å miste ein eg er veldig glad i. Han låg i koma, og det nærma seg at legane skulle kople han frå maskina. Då sa ei venninne til meg at vi skulle gå å snakke med Vision-folka. Det gjorde vi, og saman med dei så bad vi – og vi bad heilt konkret om at han skulle reise seg opp av senga og prise Gud. Eg hadde kjend på ei smerte over tid, men medan vi bad så kjende eg den smerten forsvann. Deretter skjedde det noko stort. Berre 15 minuttar etter at vi hadde bede, så fekk eg ein telefon frå mamma. Ho kunne fortelje at han som låg i koma hadde vakna, reist seg opp av senga og sagt at han elska Jesus!




PS! Då vi skulle ta bilete, fekk Feven to kokte egg av ei VG3-jente som var på tekjøkkenet og laga mat medan vi hadde Tekjøkkenpraten.

-Kvifor skal eg bruke biletet der Feven held egga? spurde journalisten.

Då kom svaret som dei begge var samde om: -Vestborg er ein eggxcellent skule!


 


Tilbake
Telefon: 70 26 39 00
E-post: info@vestborg.no