VÅRE VERDIAR
01
TILLIT
02
OMSORG
03
TRU
04
RELEVANS
05
EIGARSKAP
Følg oss på Instagram
#vestborgvgs
Vestborg VGS
EIN KRISTEN INTERNATSKULE PÅ SUNNMØRE
Kristen skule
Vi er ein kristen skule som er eigd av Misjonssambandet.
Vi har ein utvida kristen formålsparagraf og i skulekvardagen legg vi vekt på å framheve kristen tru og kristne verdiar. Det er likevel viktig å presisere at alle er like velkomne.
Internatskule
Vi er ein internatskule der dei aller fleste av våre elevar bur på skuleområdet. Det er kort veg mellom internatrommet, matsalen, klasserommet, gymsalen og russekiosken. På ein internatskule er det alltid noko å finne på og vennar å vere saman med.
Vidaregåande skule
Vi er ein vidaregåande skule med ulike linjer og programfag. Her får elevane studiekompetanse etter endt 3årig løp. Vi har lærarar som engasjerer seg for faga og for den enkelte eleven.
Stranda
Vi held til på Stranda som er ei lita bygd på Sunnmøre med storslått natur på alle kantar. Det er kort veg både ut til Ålesund og inn i dei flotte Sunnmørsalpane.