MENY

INTERNATSKULE

VESTBORG YNSKJER Å VERE EIN HEIM DER DU KAN TRIVAST OG UTVIKLE DEG SOSIALT





VESTBORG ER MEIR ENN BERRE EIN SKULE

Dei fleste av elevane våre bur på skulen, og internatlivet er noko for seg sjølv. Det kan vere tryggare og betre å bu på internat enn å bu på hybel. Alle måltida blir servert i matsalen.


Vi er om lag 70 elevar ved skulen. Når elevflokken ikkje er større, er det lett å verte kjend med dei andre på skulen. Både forholdet mellom elevane og forholdet mellom elevar og personale blir betre i eit lite miljø.


Personalet ved skulen står til disposisjon for elevane når dei treng hjelp av forskjellig slag. Internatleiaren passar på at elevar som f.eks er sjuke får seg frukost på rommet og skyss til legen. Tilsyn er alltid tilgjengeleg på telefon etter skuletid og vil både sjekke at alt er som det skal, og hjelpe når elevane lurer på noko. 



I eit internat vil det sosiale livet blomstre


Elevkveldar, sosialt liv, aktivitetar, bibelgrupper, tekjøkken, gangvask og mykje meir er nøkkelord for internatlivet. Når så mange bur tett saman, er det heilt nødvendig å ta omsyn til kvarandre og tilpasse seg kvarandre sine vanar og behov. På den måten får du mykje menneskekunnskap som du vil dra nytte av seinare i livet.





"EG ER BLITT TRYGGARE PÅ MEG SJØLV"

Her er noko av det tidlegare elevar seier om kva dei har vokst på gjennom 3 år på Vestborg:

"Eg er blitt meir sosial"
"Eg er blitt tryggare på meg sjølv"
"Eg er blitt betre kjent med meg sjølv"
"Eg er blitt flinkare til å forstå ulike typar folk"
"Eg er blitt betre på å forholde meg til menneske"
"Eg har vakse i trua"
"Eg er blitt betre på å ta hensyn til andre menneske"
"Eg har lært å vaske kle"
"Eg er blitt god på å steike Grandiosa"


Share by: