MENY

Idrettsfag

For deg som vil kombinere skule og trening

Her får du studiekompetanse samtidig som du har ein aktiv timeplan med praktiske og teoretiske idrettsfag.


Kvifor Vestborg?

Vi er kanskje Norges einaste "SKI-IN-SCHOOL" med internat og ligg midt i smørauge for fjellturar, klatring, topptur og padling.


Du kan ta skitrekket til toppen av Roaldshornet (1230moh) og renne gjennom knehøg pudder heilt ned til matsalen på middag. I Stranda kommune er moglegheitene mange for både idrett og friluftsliv.


Vil du lese meir om utdanningsprogrammet idrettsfag? Klikk her:

Slik er undervisninga

På ei vanleg veke har du 37,5 timar undervisning dei to første åra. I vg3 har du 35 timar.


Du som har gode rutine for trening, leksearbeid, riktig kosthald og søvn har eit godt utgongspunkt for å få tre knallgode år på idrettslinja.


Treningsmengd gjennom skuleveka: 

90 minutt med aktivitet 2-4 dagar i veka. 

Nokre økter er lette, nokre harde. Dette varierer frå veke til veke.



Her kan du få ein oversikt over felles idrettsfag du møter på vg1, vg2 og vg3:

Læreplan idrettsfag

Kva venter deg

Læring og oppleving på Vestborg idrettslinje


Kvar veke vil vere prega av idrett og friluftsliv. Teori og praksis går hand i hand, og vekene er varierte. 


I tillegg til dei vanlege aktivitetane ein møter på idrettslinja så er vil opptekne av å bruke nærområdet og naturen her på Sunnmøre.


Gjennom åra på idrettslinja får du vere med på fleire kajakkturar og klatreturar både innandørs og utandørs. 


For dei som er spesielt interesserte kan vi også hjelpe til med å organisere kursing og sertifisering i padling og klatring.


Gjennom vinteren vil det vere fokus på opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. Elevane vil få innføring i skredkunnskap og trene praktisk på kameratredning og trygge vegval. 


I tillegg vil vi ta med elevane våre på flotte fjellturar både sommar og vinterstid. 

Oversikt over turar på idrettsfag:

vg1 vg2 vg3
Tur sommar Camp Hjørundfjorden Camp Slogen Camp Molladalen*
Tur vinter Vintercamp Vintercamp Camp Norangsdalen
Langrenn/alpint Camp X-games Strandafjellet Strandafjellet
Klatring Inneklatring Klatring/buldring ute Bladet i Molladalen*

* Klatreturen i Molladalen er svært vêravhengig, og det er derfor usikkert kvar haust om vi får gjennomført turen. Dersom turen ikkje er gjennomførbar så blir det ein alternativ camp.



I vg1 kan du glede deg til desse opplevingane:

3-dagers tur til Hjørundfjorden i august/september

Camp Hjørundfjorden

4-dagers tur til Skibyen i januar/februar 

X-games week

2-dagers tur i vinterfjellet i februar/mars (vg1 og vg2)

VinterCamp

I vg2 kan du glede deg til desse opplevingane:

2-dagerstur til Sunnmøres mest kjente fjell- Slogen

Camp Slogen

Strandafjellet Skisenter

Gjennom vintersesongen er vg2 og vg3 aktive på Strandafjellet skisenter. Her er det undervisning, teknikk, videoanalyser og eigentrening.

Strandafjellet ligg kun 5 min ifrå Vestborg og dei fleste idrettselevane kjøper sesongkort slik at dei har muligheit til å vere oppe både i helger, i fritimar og på kveldskøyring.

I vg3 kan du glede deg til desse opplevingane:

2-dagerstur til Molladalen og klatring på Bladet

Camp Molladalen

2-dagerstur til Norangsdalen med topptur til Blæja

Camp Norangsdalen

Dette kan du gjere etterpå

Ved å gå IDRETTSFAG på vidaregåande oppnår du generell studiekompetanse.

Dette gir deg eit grunnlag for å kunne søkje på dei fleste studier på høgskular og universitet.


Å bli glad i trening og vite korleis ein trener på ein best mogleg måte vil du ha stor glede av, og det gir deg også gode helsemessige effektar for resten av livet!

Fasiliteter

Skulen vår ligg på Stranda, midt i hjertet av Sunnmørsalpane

Strandafjellet skisenter ligg 5 minutts køyring frå skulen, og det er muleg å følgje preppa løype heilt til døra på internatet ditt.

På skulens område har vi beachvolleyballbane og ballbinge.

Vi har eigen gymsal som vert mykje brukt i vinterhalvåret til ballidrett og basistrening. Her er også ein liten klatrevegg.

Eit velutstyrt treningsrom er opent heile dagen for elevane ved skulen.

Mona Stadion ligg ein kort gåtur ifrå skulen. Her er to store kunstgrasbaner og ei løpebane som vi brukar mykje.

Skulen har eigne kajakkar som vil verte brukt når elevane blant anna får muligheiten til å ta våttkort.

Vi har bygd ein gapahuk på området som blir brukt til både bålkos, overnatting og til undervisning.

Utstyr til idrettsfag

Når ein går idrett er det behov for ein del utstyr til dei ulike aktivitetane vi held på med.

Her kan du får ein oversikt over kva du treng:

Utstyrsliste
Share by: