MENY

AKTIV KVARDAG

PÅ VESTBORG LIGG FORHOLDA GODT TIL RETTE FOR MANGE SLAGS AKTIVITETAR BÅDE I SKULETIDA OG PÅ FRITIDA.

IDRETT OG FRILUFTSLIV, SOSIALT FELLESSKAP OG KRISTENT ARBEID HAR EIN VIKTIG PLASS I MILJØET VÅRT.

NOKO FOR ALLE

VI TRUR AT DU VIL LIKE DEG GODT PÅ VESTBORG UANSETT OM DU ER GLAD I FJELLTUR, BALLSPORT, GAMING, HOBBYAKTIVITETAR, SKI ELLER OM DU TRIVST BEST MED EIN FILMKVELD MED VENNEGJENGEN PÅ INTERNATROMMET.


HER ER NOKRE AV FASILITETANE DU KAN FINNE HOS OSS:

  • Vestborg har eit velutstyrt treningsrom som er opent for elevane
  • Gymsalen er i flittig bruk på ettermiddag og kveld. Her er også ein liten klatrevegg
  • Biblioteket er ein fin stad å jobbe med leksene på ettermiddagstid
  • Utandørs finn du sandvolleyballbane, gapahuk og ballbinge på skulens område
  • Det er gangavstand til kunstgrasbane og løpebane på Mona fotballstadion 
  • Skulen har 12 kajakkar som blir brukt i skulesamanheng, men kan leigast ut til dei som har våttkort i padling
  • I russekiosken kan du vere sosial med venner, kjøpe deg snacks i kiosken, sjå film, spele brettspel, FIFA og mykje meir

DET SKJER MYKJE

“Det skjer mykje på Vestborg kvar veke. Nokre eksemplar er ski på fjellet, brettspel i russekiosken og onsdagsmøte. At treningsrom og bibliotek er så lett tilgjengelig gjer det lettare for oss å trene og gjere skule”

- Sandra, vg3

Share by: