MENY

Gapahuk med panoramautsikt!

Kjell Morten Håland • Feb 02, 2021


Klassa i Friluftsliv ved Vestborg vgs har dei siste vekene hatt eit prosjekt oppe i lia ovanfor skulen. Ein skal ikkje gå langt opp i skogen før utsikta blir i verdsklasse. 3 grupper har bygd kvar sin gapahuk ved hjelp av stokkar og granbar frå skogen. Alle gruppene var særs nøgde med innsatsen og sluttproduktet. Mellom gapahukane vart det laga til ein bålplass med sittebenkar. Siste byggedag vart avslutta med grilling av pølser og god drøs rundt bålet. Målet er å bruke gapahukane til overnatting og små utflukter utover våren. Alle som finn vegen kan benytte seg av plassen. Den ligg opp ein bakke, gjennom ein skog, bak ein stein og under ei rot – VELKOMMEN! 


Share by: