MENY

Vestborg Vlog og julekalender

Kjell Morten Håland • Dec 18, 2020
Visste du at Vestborg-elevane har eigen Youtube-kanal? Her 


 ligg det blant anna fleire eldre saker, så viss ein vil mimre litt eller sjå kva som skjer no, så er det berre eit tastetrykk unna.

Kanalen er flittig brukt no i advent. Henriette er fast programleiar i julekalenderen, og Marita og Filip har hatt jobben med å køyre kamera. Super kjempejobb av alle tre. Hurra!

Elles har fleire medverka i eit eller fleire program, sjå bilete. Bak (f.v.): Siri Lill, Simon, Ingrid Mei, Anne Marte, David, Marita og Filip. Foran (f.v.) Nora, Henriette og Caroline. Alle har gjort ein sjukt bra innsats dei siste vekene med å legge ut klipp til den nye julekalenderen. Kvar dag fram til no har dei filma ymse innslag med framifrå folk, så klikk deg inn viss du tør!

Share by: