MENY

AktiVM-dag på Vestborg med over 80 gjestar!

Apr 12, 2024

Det er idrett vg3 som har ansvaret for å arrangere aktivitetsdagen, som går av stabelen onsdag 24. april. Då kjem det heile 81 elevar, i tillegg til lærarar, frå ungdomsskular i nærleiken, samt både Møre Ålesund og Møre Skodje. Arrangementet blir gjort i samarbeid med AktiVM, folkehelseorganisasjonen til VM på ski i Trondheim.


vestborg.no tok seg ein prat med gjengen som skal arrangere AktiVM-dagen.


-           Eit av kompetansemåla i faget treningsleiing er å organisere eit arrangement. I samarbeid med AktiVM har vi no invitert 9. klassingar til Vestborg den 24. april. Føremåla med dagen er mangesidig. Vi skal få trening i å arrangere, og vi ynskjer å legge til rette for ei god oppleving for gjestane våre. 9. klassingane kjem frå Hellesylt, Geiranger, Stranda, Eidsdal, samt Møre Ålesund og Møre Skodje. Vi skal la elevane kome i blanda grupper, så vi vonar at dei kan knyte band på tvers av skulane. Med andre ord så ynskjer vi å bygge fellesskap.
 

-           Kor kjem AktiVM inn i biletet?

 

-           Eit viktig føremål er at vi ynskjer å skape engasjement for VM på ski i Trondheim i 2025. Dessutan ynskjer vi å legge til rette for at 9. klassingane kan bli inspirerte av arrangementet, og eit mål vi har er at gjestane våre kan gjennomføre eit liknande arrangement i regi av AktiVM for barneskular i nærmiljøet sitt.

 

Idrett vg2 fortel at konseptet er inspirert av «Mestrenes mester».


-           9. klassingane blir delte inn i grupper på tvers av skulane dei kjem frå. Deretter går dei frå post til post. Nokre av postane har individuelle oppgåver, andre postar har fokus på samarbeid. Basert på det som skjer på postane vert det mot slutten av dagen arrangert finaleøvingar. For å gjennomføre arrangementet er vi glade for at vi får hjelp av dei fleste medelevane våre på skulen. Vi er også glade for at KIWI, REMA 100 og Europris støttar oss med bidrag til lunsjen, seier dei.


Prosjektleiar Hilde Martinsen i AktiVM er veldig glad for samarbeidet med Vestborg.


-           AktiVM har som mål å engasjere og inkludere heile folket ved å fremje fysisk og sosial aktivitet. Vi er difor veldig glade for å vere med i planleggingsprosessen av dette arrangementet, og vi heiar på både arrangørar og deltakar onsdag 24. april!

 

Ho legg til:


-           Dersom det er andre skular som vil gjere liknande arrangement, så er ein velkomen til å ta kontakt med meg.
 
 

Hilde Martinsen, prosjektleiar i AktiVM.

Share by: