MENY

Stor elevauke ved Vestborg

Lars Johan Stokken • Apr 12, 2024

-           Dette er veldig gledeleg! Dei siste 10-15 åra har det aldri byrja meir enn maksimalt 33 elevar i vg1, seier rektor Jon Ove Holen

No lyt skulen gjere grep for å få plass til alle som har takka ja. Vg1 Idrett og vg1 studiespesialiserande har ulike fag, men faga naturfag, kristendom, norsk og engelsk er fellesfag. Tidlegare har elevane i vg1 vore samla i fellesfaga, men no lyt ein tenkje annleis.



-           Frå hausten må vi operere med to undervisningstilbod i fellesskapa. Det gjer vi for å kunne ta inn alle elevane som ynskjer å gå på Vestborg, så dette er ei svært gledeleg avgjersle og ta!
 

-           Kva for praktiske konsekvensar får denne endringa?

 

-           Fyrst og fremst lyt vi tilsetje ein pedagog til. Utlysing kjem, men interesserte kan allereie no ta kontakt. Vi vil gjerne kome i dialog med lærarar som kan understøtte det som Elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet viser, nemleg at Vestborg er heilt, heilt i norgestoppen i kategoriane «Trivsel» og «Støtte frå lærarane». Det vil også bli fleire elevar på tunet, men dei praktiske utfordringane som kjem har eg stor tru vi finn gode løysingar på. Mi erfaring med personalet på Vestborg er at dei er uvanleg dyktige til å løfte i flokk, samt å vere løysingsorientert. Vi er inne i eit veldig godt år for skulen, men vi gler oss likevel mykje til å ta i mot den nye, store vg1-flokken i august! seier Holen.



PS! Biletet er frå kick-off, den godt besøkte bli-kjend-helga i januar.

Share by: