MENY

Austlandskarane

Kjell Morten Håland • Jan 25, 2022

Har du tenkt på at det er mogleg dra saman med venegjengen sin og byrje på Vestborg?
Det har Jesper, August, Robin, Adrian og Trym tenkt – og gjort tankane til røyndom!

Dei fem venene frå Follo-området i gamle Akershus fylke byrja i haust i Vg3. Dette gjorde dei trass i liten kjennskap til kristne miljø i oppveksten.

- Det heile starta med at Jesper og eg sat i ein time og googla etter internatskular som tilbaud idrettslinje. Dermed fann vi Vestborg på nettet. Etter kvart så dukka det opp reklame for Vestborg, og vi undersøkte endå meir om skulen. Etter ei tid så bestemt vi oss for å søkje, og Jesper tok kontakt med Adrian, Trym og Robin for å spørje om dei også ville bli med til Sunnmøre, fortel August.

Adrian, som også går idrett, sa tidleg ja til å bli med, medan Trym (samfunnsfaglinja) og Robin (realfagslinja) bestemte seg i sommar for å hoppe på eit ukjend eventyr på Sunnmøre.

 

NEDTUR

Då dei kom til Stranda og Vestborg i august blei det fyrste møtet ein nedtur.

- Det vart ei blanding av skuffelse og angst då vi kom fram og såg kor liten plassen var, seier Trym og Adrian.

Likevel endra situasjonen seg då dei byrja å treffe andre.

- Vi blei veldig godt mottekne med ein gong, og vi fekk eit veldig godt fyrsteinntrykk. Dei fyrste som tok kontakt var to jenter, og vi opplevde både personalet og elevar var utåtvende og imøtekomande på opningsfesten, seier Robin.

 

KRISTEN SKULE

- Korleis har det vore å byrje på ein kristen skule for dykk?

 

- Det har sine utfordringar, og det har vore kulturkræsj. Vi merkar at elevar tenkjer annleis enn oss, men samtidig så er det både lærerikt og spennande å sjå medelevar som har gitt så stor del av seg til Gud, seier Adrian.

 

- Vi er vandt med eit anna miljø med meir frie tøylar, men vi har det veldig bra, og vi er veldig nøgde med valet om å gå på Vestborg, seier Trym.

 

SKULEN

 

Dei snakkar også fint om det faglege tilbodet Vestborg gir.

- Eg likar korleis lærarane driv undervisninga si, seier Adrian.

 

Robin forklarer kvifor han får betre karakterar enn han har hatt tidlegare.

- Vi har det fint sosialt. Det gjer det meir motiverande å ha fokus på skulen. Eg får hjelp når eg lurer på noko, og vi har god stemning i klassen. Når ein er trygg, så blir også læringskulturen betre, seier han.

Jesper er samd.

- Det å kjenne seg trygg gjer at ein slepp å vere redd for å gjere feil. Dessutan trur eg eg gjer det betre enn i fjor fordi vi på internatet har tid til å gjere skulearbeid saman, men også fordi det er mykje som skjer her. Eg trur det er sundt å ha mykje å gjere, seier han.


VESTBORG

Når venegjengen skal fortelje om korleis dei har det på Vestborg, så har dei mykje godt å seie.

- Her er det rom for mykje søvn og maten er god. Dessutan får vi tid til å gjere det vi vil, seier August.

Adrian skildrar Vestborg gjennom å samanlikne med sin førre skule.

- På den førre skulen eg gjekk på, så ga elevane blaffen i andre enn seg sjølv – og elevane gjer alt ein kan for å unngå å dumme seg ut. Her på Vestborg prøver ein å skape noko i fellesskap, og alle heng med alle. Det har ikkje noko å seie kva alder ein har eller kva klasse ein går i.

 

- Eg har hatt det bra i desse månadane eg har vore her. Det er mykje sosialt som skjer, og eg har fått mange nye vener, seier Robin.

 

Trym kjem med ei innrøming når han skal skildre korleis han har det.

- Eg har lett for å klage, men eigentleg har eg det strålande på Vestborg. Eg trivast veldig godt sosialt saman med mange fine folk med ulike personlegdomar. Her er det eit veldig bra miljø. Ein ekstra spiss på tilveret er det at eg har fått kjærast, seier han.

Jesper er også takksam for han valde Vestborg.

- Vi har vore aktive og blitt kjend med kor godt det ligg til rette for friluftsliv i området rundt Stranda. Vi har bada, sykla, skeisa, nytta sesongkortet i skianlegget og vore på topptur både sommar og vinter. Sidan alle elevane er vener her på Vestborg, så har vi fått mange nye vener. Dessutan har eg også fått kjærast. Det har vore eit veldig bra halvår. Eg har aldri opplevd så mykje på så kort tid i heile mitt liv. Dersom det er nokon 10. klassingar som har lyst å prøve noko annleis, så tilrår eg dei å gå på internatskule. I alle fall Vestborg, slår han fast.


Share by: