MENY

Seminar om menneskeverd

Åshild Stenberg • Feb 09, 2022

Kva er menneskets verdi? Kva er du verdt? Kva gir oss verdi?

I dag hadde vi besøk av Fredrik Høst Hansen frå organisasjonen Menneskeverd. Heile skulen var samla i møtesalen i første og andre time for å høyre han snakke om to viktige tema: Likeverd og livsrett.


Alle er like mykje verdt og vi er like verdifulle sjølv om vi er veldig ulike. Han trakk fram blant anna Rosa Sparks og William Wilberforce som kjempa for likeverd i samfunnet dei levde.


Fredrik viste også til FN menneskerettighetserklæring, bioteknologilova og stilte elevane spørsmål om korleis dei kan bidra til å skape eit samfunn med plass til alle. Nokon av svara frå elevane handla om å ta ansvar for eigne haldningar og handlingar. Det er også lett å vere fordomsfull mot det som er annleis, og det er viktig å ikkje dømme andre.


Fredrik avslutta første tema med at menneskeverd er noko vi har fått. Det er ikkje noko vi har fortjent gjennom våre handlingar. Vi har ein ukrenkeleg verdi som menneske.


Livsrett handlar om at alle menneske har rett til å leve. Det er fleire spørsmål ein må stille seg når ein prøvar å finne svar på når livet startar og når livet får verdi. Kva er eit foster? Kva er menneskeverd? Kva er rett og gale? Kva seier lovverket?

Nokon vil seie at fosteret får umiddelbart verdi ved unnfangelse, andre meiner at verdien kjem gradvis til dømes når hjertet startar å slå.

Avslutningsvis snakka Fredrik om lav og høg moralsk status. Nokon vil meine at eit menneske ikkje er ein person før i veke 25-32. Etter dette får mennesket verdi (lav moralsk status). Andre vil hevde at alle mennesker har grunnleggande rettigheiter sjølv om ein ikkje ved alle livsstadier er eit utøvande menneske.



Det var ei flott undervisningsøkt om aktuelle spørsmål og svar rundt tema menneskeverd!


Share by: