MENY

Dugnadsdag på Vestborg 25.juni

Åshild Stenberg • May 30, 2022

Vil du vere med å gi ein (dugnads)dag tilbake til Vestborg?

Vi er mange som har gått på Vestborg i 1, 2 eller 3 år. Og for mange har desse åra betydd veldig mykje.

Laurdag 25.juni er det duka for den årlige dugnadsdagen her på Vestborg. Vi har lyst til å invitere deg til å bli med å gjere skulen vår klar til ein ny haust.

Det vert mykje variert arbeid du kan hjelpe til med.

Og kanskje du kan få med deg fleire Vestborg-venner så det vert ein dag med både arbeid, mimring og fellesskap?

 

Program for dagen:

Kl. 0900- Arbeidsfordeling i Salongen

Kl. 1200- Varmlunsj   

Kl. 1530- Ferdig

 

 

Send ein mail eller melding til Trygve Habostad om at du kjem, så vi veit kor mange vi skal berekne lunsj til.

Mail: thabostad@vestborg.no

Tlf: 915 97 399

 

 

 


Velkommen til dugnad på Vestborg!


Helsing dugnadskomitèen Trygve Habostad og Åshild Bogstad Stenberg

 


Share by: