MENY

Her føler eg meg sett og trygg

LaJS • Jun 03, 2022

Hedda Hugvik frå Sandane skulle ikkje byrje på Vestborg – men gjorde det likevel

Hedda går i VG2, og i januar 2020 var ho på bli-kjend-helg – på kick-off – her på tunet.

-       Eg var fast bestemt på at eg ikkje skulle flytte heimanfrå, men venninna mi skulle på kick-off og eg blei med. Som det friluftsmennesket eg er, freista det å få stå på ski på Strandafjellet denne helga. Men i løpet av helga ombestemte eg meg. Eg følte meg så velkomen – frå eg kom til eg drog. Folk var interessert i å snakke med meg, og eg fekk mange gode samtalar. Alt dette gjorde at eg fekk eit VELDIG godt inntrykk av skulen. I løpet av helga ringde eg mamma, og ho høyrde på stemma mi og tenkte: «No er Hedda seld».

 

-       Korleis har det vore å vere elev på Vestborg desse to åra?

 

-       Det har vore veldig bra. Eg har fått budd på ein stad der eg er omgitt av venene mine. Det er av veldig stor betydning. Eg har også blitt kjend med folk som er annleis enn meg sjølv, og det har vore kjekt å få oppleve å kunne henge - og ha det kjekt i lag – med folk som ikkje høyrer til den nærast venekrinsen. Det har vore lærerikt. Eg likar også internatlivet veldig godt. Internatlivet gjer at samhaldet vert mykje tettare, og det vert ei trygg atmosfære. Ja, eg føler meg både sett og trygg. Desse to åra har gått ekstremt fort, og eg føler eg nettopp har starta. No skal eg nyte det siste året, for eg kjenner på at Vestborg er min andre heim, seier ho.

 

Hedda er som nemnd glad i friluftsliv, og dermed er ho også glad i Stranda og omgjevnadane rundt bygda.

-       Stranda er ein utruleg fin plass. Det å få bu her omgjeven av dei flotte fjella er noko spesielt. Her kan vi gå på topptur både i sommar- og vinterhalvåret, og i tillegg har eg kosa meg mykje i skianlegget i vinter.


Ho let også vel over personalet.

-       Eg opplever det er stor skilnad på personalet eg har møtt her på Vestborg i høve til tidlegare skulerøynsler. Vestborg-personalet er veldig interessert i å bli kjend med deg, veldig løysningsorienterte og opptekne av å finne ut kva som kan gjerast betre. Dei ser deg, og dei vil at du skal ha det best mogleg. Eg opplever undervisninga som variert, og er godt nøgd med undervisninga vi får.



Vestborg er ein skule med kristent verdigrunnlag, noko som også påverkar Hedda.

-       Eg set pris på møter og bibelgrupper. Her har eg fått lytta til predikantar og fått snakka med folk om tru og liv, og dette har hjelpt meg til å ha vekse i trua.

 

-       Kva vil du seie til ungdommar som vurderer å byrje på Vestborg?

 

-       Eg visste ikkje kva eg gjekk til, og eg både grudde og gledde meg. Men allereie dei fyrste vekene viste det seg å vere fantastisk gøy. Her er det mange aktivitetar, og det er ekstremt bra stemning. Dessutan lærer ein å bli meir sjølvstendig. Vi må halde det reint på rom, gang og tekjøkken, samt vaske kleda sjølve. I tillegg er det andre ting som må organiserast og planleggjast, som til dømes heimreiser. Alt dette og meir til gjer at vi blir meir sjølvstendige og lærer å stå for eigne val. Eg vil også legge til at fellesskapet på skulen er vilt bra, slår Hedda fast.


Share by: