MENY

Avslutningsfest på Vestborg

Åshild Stenberg • Jun 20, 2022

Laurdag 18.juni var gymsalen på Vestborg fylt med elevar, familiemedlem og personale igjen

Det er nokre år sidan sist vi fekk lov til å ha ein skikkeleg avslutningsfest, så det var flott å sjå gymsalen full med festkledde elevar, foreldre, søsken og personal. Vg1 elevane Henriette Settem og Marie Bjørge leia festen på ein leikande flott måte. Rektor Geir Magne Engås takka for eit flott år og viste nokre glimt frå året. Alfred Reitan takka Geir Magne for den gode jobben han har lagt ned som rektor for Vestborg i mange år. No reiser han og familien vidare på nye eventyr. Jon Ove Holen hadde både andakt under festen, og vart introdusert som den nye rektoren vår frå hausten av. 

Avgangselev Lotte Van Oorschot og faren takka Vestborg for alt skulen har betydd. Dei trakk fram rektor, internatleiar og kontaktlærar som fekk blomsterbukettar og stor applaus frå salen. Så var det avgangsklassa sin tur til å entre scena. Dei har samla inn pengar til misjonsprosjektet sitt til Stor-Kina og kunne med glede overrekke ein sjekk til regionleiar, Jon Ove, på 245 000kr. Mathias Giskeødegård og Tobias Engås som har vore misjonsprosjektleiarar trakk særleg fram russeturnèen som eit av høgdepunkta frå arbeidet sitt med å samle inn pengar til prosjektet. 

Mathias leste eit flott sjølvlaga dikt før heile klassa sang "Shallow" med eigenlaga tekst.


Etterpå var det tid for eit stort festmåltid med etterfølgande fotografering og avskjedsklemmar.



Vi ynskjer avgangsklassa lykke til vidare på ferda ut i livet! Vi heiar på dokke!

Og dei som vi er så heldige å få tilbake her til hausten: God sommar og velkommen tilbake i august.

 

Share by: