MENY

Frå TV2 til Vestborg

Mar 08, 2024

Markus har fleire års fartstid i TV2 som redigerar og som fotograf. No vil han nytte dugleikane sine til gagn for Vestborg – ein skule han gjekk på for seks år sidan.


Skulen er veldig glad for at han tek på seg denne oppgåva.


Markus sjølv seier dette:


- Eg hadde ei nydeleg tid dei tre åra eg var elev på Vestborg, og eg har så lyst til å vise andre kor bra skulen er. Difor er det ei veldig kjekk oppgåve å få å lage den neste reklamefilmen.


- Korleis har det gått desse dagane?


- Eg er veldig nøgd. Det var strålande vêr i fjellet på skidagen på onsdag, og så har eg møtt engasjerte og positive elevar. Det har smitta over på samarbeidet mellom dei og meg, seier han.


Share by: