MENY

- Knallbra skidag!

Mar 08, 2024

Det er på sin plass å gjer verbal ros til idrettslærar Anders Nybakk, administrasjonen og heile personalet. På kvar sine måtar synte dei initiativrikdom og fleksibilitet for å legge til rette for skidagen. Det kom meldingar om godvêr for onsdag, og på kort tid la nemnde gjeng til rette for å ha skidag denne onsdagen.


På toppen av gondolen ved Roalden fekk vestborg.no eit kort møte med to veldig nøgde elevar - for bilete og for ein veldig kjapp prat.


- Knallbra skidag! sa Samuel Fiskerstrand og Ingvar Osen før dei suste vidare.


Nede ved skisenteret la kokk Bjørn Odland, lærar Geir Lande Myksvoll og elev Rebecca Celine Lauvstad til rette meir kos. Dei tok ansvar for pølsegrilling og næringsinntak for glade elevar.



Det må leggast til at utsikta frå Roalden-trekket var nydeleg vakker denne solrike dagen!

Share by: