MENY

Kvardagsglimt: Fagdag

Mar 08, 2024

Dei fleste fredagar i løpet av eit skuleår på Vestborg, så har elevane fagdag. Då har dei eitt fag heile dagen. Både lærarar og elevar synest om å kunne ha eit djupdykk i eit fag på denne måten.


Ofte vert det lagt opp til vurderingar, men det er også rom for anna metodikk. Førre fredag hadde idrett vg3 faget «idrett og samfunn». På bileta kan ein sjå kreative løysingar på å lage ein figur av kompetansemålet «drøft betydningen idrettsanlegg har for individet og samfunnet».


Den eine gruppa laga ein drive-in-arena for konkurransesporten «dødsing». Legg mellom anna merke til «dødsaren» som er på veg ned i bassenget.


Den andre gruppa laga ein så å seie tru kopi av skistadion i Östersund i Sverige – ein skistadion dei jobba som funksjonærar under World Cup-renna i skiskyting før jul.


Elevane fekk også høve til å presentere OL-historikk.

På biletet dukka det opp to karar frå OL i antikken. Dei viser her at kvinnene fyrst i 1952 fekk lov til å delta i langrenn i OL.

Share by: