MENY

Tekjøkkenpraten med Geir Magne Engås

LaJS • Jun 27, 2022

Geir Magne har vore rektor på Vestborg i til saman 11 år, men takkar i desse dagar av frå denne stillinga

Han kom til skulen i 2006, og han vart rektor allereie i 2008. Den jobben har han hatt fram til no, med unnatak av åra i samband med at han var leiar for familiebibelskulen til Misjonssambandet i Nairobi.

-       Det har vore fantastisk kjekt å få vere på Vestborg. Kombinasjonen av å ha kontakt med elevane og jobbe saman med eit flott personale som strekk seg langt for elevane - det har vore veldig fint å få oppleve.

 

-       Kva er du glad for du har fått vere med på no når du ser attende?

 

-       Eg har prøvd å bygge eit miljø der alle blir inkluderte og sett, og difor har eg sett pris på dei mange møta med enkeltelevar. Til dømes har eg likt å få vere med på friluftsturar med elevane. Elles har vi fått i gang kick-off – ei bli-kjent-helg i januar for elevar som vurderer Vestborg - og det har blitt gjort ein heil del på vedlikehaldsfronten på skulen. Vi har også starta opp med idrettsfag medan eg har vore rektor. Men det viktigaste har vore opplevinga av å få bety ein forskjell for elevane – å vere til støtte og oppmuntring for dei, samt få sjå elevane få vekse på ulike område i livet. Noko av det artigaste var ikring 2014 då eg fekk vere «manager» for ei gruppe som kalla seg for Lys i mørket. Denne gruppa reiste rundt i distriktet med song og vitnesbyrd på bedehus og forsamlingar. Vestborg har også betydd mykje for familien vår. Til dømes har alle dei tre eldste borna våre vore elevar ved skulen.

 

Geir Magne og familien flyttar no sørover. Frå 1. august av vert han avdelingsleiar på Danielsen ungdomsskule i Bergen.

vestborg.no vil gjerne takke for den gode innsatsen han har gjort for skulen desse åra – gjennom måten han har møtt elevar og personalet på.

 

Share by: