MENY

Tekjøkkenpraten med Ola Risa

LaJS • Jun 24, 2022

Vestborg har hatt den gleda å få nytta ressursane til Ola i 21 år

Den 27.juni fyller han 75 og blir Vestborg-pensjonist.

Det vil seie at Vestborg har vore heldige å få nytta seg av Ola sin menneskelege og matematiske kompetanse i åtte år etter han fylde 67 år!

Onsdag 15. juni hadde han sin siste arbeidsdag på skulen, og Ola vart takka av med blomar og gode ord.

Same dag møtte vestborg.no Ola på hans eige kontor i 2. etasje på Storfjorden for eit Tekjøkkenpraten-intervju.

 

-       Eg har hatt 21 flotte og fine år på Vestborg, og dei seks siste har vore spesielt gode. Då har eg fått hatt mattestøtte på ettermiddagstid, og eg har fått opplevde glede, smil og latter saman med elevane.

 

Han fortel at matematikk har vore viktig for han heilt frå han var 5-6 år gamal. Sjølv om han var odelsgut på garden heime på Bryne på Jæren, så vart han ikkje gardbrukar. Han studerte matematikk og har heile sitt vaksne liv undervist nye generasjonar i faget.

 

Ola og kona Jorunn kom til Sykkylven i 1987, men skal no på sine godt vaksne dagar flytta attende til Bryne. Der vonar Ola at han får halde fram med mattestøtte og matematikk-undervisning på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø.

 

-       Korleis vil du skildre åra dine på Vestborg?

 

-       Det har vore veldig gode år. Eg har fått ha hobbyen min som jobb, og eg har fått vere saman med fantastisk gode kollegaer og elevar. Her har eg fått utvikla meg heilt til siste slutt. Eg set veldig stor pris på at skulen har lete meg få gå her heilt til eg er har blitt 75 år.

 

vestborg.no er særs takksame for oppmuntringar og støtte Ola har gjeve gjennom alle desse åra. Samstundes vil vi gjerne gratulere Ola med 75-årsdagen den 27. juni og gullbryllaupsdagen 8. juli.

 

 

Share by: