Utgreiing om likestilling og diskriminering 2024

I tråd med likestillings- og diskrimineringslova arbeider skulen aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling, hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, eller kombinasjonar av desse grunnlaga, og søke å hindre trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald.

 

Tilstand for kjønnslikestilling mellom dei tilsette

Når det gjeld lærarstillingar, er det flest menn som søker. Til andre stillingar kan det vere ujamn kjønnsbalanse avhengig av om stillingstypen er internat, vedlikehald, kontor etc.

 

Av skulens 22 tilsette totalt er 10 kvinner. Styrets leiar er ei kvinne. I styret er 60 % kvinner. Mellom de tilsette er delen kvinner i leiande stillingar 33 %. Samla er gjennomsnittleg årslønn for kvinner i leiinga er 100,2 % av årslønna menn har.

 

Det blir gjennomført årlege undersøkingar som mellom anna søker å fange opp ulikskapar mellom kjønna når det gjelder lønn, avansement og deltaking ved interne tilbod for vidareutdanning. Arbeidstidsordningar ved skulen følger av dei ulike stillingane (lærarar, administrasjon, servicepersonale etc.) og er uavhengig av kjønn.

 

I midlertidige stillingar er der 2 kvinner og ingen menn. Delen tilsette som arbeider deltid, er lågare for kvinner (3 kvinner og 4 menn). Så vidt vi kjenner til, er det ingen som har ufrivillig deltidsarbeid. Omfanget av overtid er noko høgare for kvinner. Ei kvinne (og ingen menn) har tatt ut foreldrepermisjon siste åra.

 

I tråd med syklusen annakvart år har skulen i år kartlagt kjønnsfordeling og lønnsforskjellar i dei ulike stillingskategoriane. Totalt i verksemda er 45 % av dei tilsette kvinner. Kvinners lønn utgjer i snitt 90,6 % av menns lønn.

 

I lærarstaben er 36 % kvinner. Kvinners lønn utgjer i snitt 94,5 % av menns lønn. Lærarane si lønn blir fastsett etter lønstabellar som gjeld for offentleg skule. Desse er basert på utdanning og ansiennitet pluss mindre tillegg fastsett lokalt. Dei lokale tillegga blir gitt etter kjønnsnøytrale kriterium.

 

For andre stillingskategoriar gjeld dette:

I servicepersonalet (internat, kjøkken, drift) er 57 % kvinner. Kvinners løn utgjer i snitt 92,5 % av løna til menn. Løna i desse stillingane blir fastsett ut frå lønnstabell, uavhengig av kjønn.

 

Vårt arbeid for likestilling og mot diskriminering mellom eigne tilsette

Skulen sin policy er at det ikkje skal førekomme forskjellsbehandling grunna kjønn i saker som for eksempel rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, avansement, utviklingsmoglegheiter og moglegheit for å kombinere arbeid og familieliv gjennom tilrettelegging. Skulen forebygg og søker å hindre trakassering og seksuell trakassering. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er inkludert i skulen sin personalpolitikk.

 

Skulen er godkjent etter privatskolelova § 2-1 bokstav a) om livssynsgrunnlag. For å synleggjere vårt kristne grunnlag og for å kunne arbeide aktivt for å nå vår kristne målsetting, trenger vi tilsette som kan arbeide i samsvar med grunnlaget og målsettingane. Vi nyttar derfor den moglegheit til lovleg forskjellsbehandling som likestillings- og diskrimineringslova § 9 gir og den moglegheita til å spørje om livssyn som likestillings- og diskrimineringslova § 30 om innhenting av opplysningar i tilsettingsprosessen gir.

 

Ved rekruttering, både internt og eksternt, prioriterer vi personlege kvalifikasjonar framfor kjønn. Det underrepresenterte kjønn blir oppfordra til å søke når eksisterande kjønnsbalanse er skeiv. I alt arbeid ved skulen held vi oppe ei bevisstheit om å fremme likestilling, sikre like moglegheiter og rettar og hindre ulovleg diskriminering på grunn av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn. Det er føretatt ein gjennomgang av kriteria for å få etter/vidareutdanning, permisjonar, særskilte arbeidstidsordningar, opprykk til leiarstilling mm. med sikte på å sikre at ulovleg diskriminering ikkje skjer.

 

 

Utgreiing om korleis skulen fremmar likestilling og hindrar diskriminering

Innanfor området likestilling og diskriminering i opplæringsarbeidet held skolen seg først og fremst til dei mål som er gitt i skulens godkjente læreplan (overordna del og læreplan for kvart fag). Skulen legg vekt på å arbeide i samsvar med privatskolelova § 1-1 der det heter at opplæringa skal skje i «ei ånd av forståing, fred, toleranse, likestilling mellom kjønna og venskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personar som høyrer til urfolk». Skulen ønsker i tillegg, med sin stab av tilsette, å vere eit førebilde for elevane på dette området.