Spørsmål & svar
-
KVA BETYR DET AT VESTBORG ER EIN KRISTEN SKULE?
Vestborg vgs er eigd av NLM (Norsk luthersk misjonssamband) som er ein kristen misjonsorganisasjon. I tillegg til god og variert undervisning og eit trygt sosialt miljø, er det viktig for skulen at kristne verdiar blir løfta fram. Dette kjem til uttrykk gjennom eit eige kristendomsfag på vg1 og vg2, morgonsamlingar med eit kort ord for dagen, og frivillige kristne aktivitetar som møter, bibelgrupper, Lagsmøter osv.
-
MÅ EG VERE KRISTEN FOR Å GÅ PÅ VESTBORG?
Alle som har lyst til å gå på Vestborg er hjerteleg velkomne uavhengig av livssyn. Vi er opptekne av at alle skal få kjenne seg trygge og ivaretekne som enkeltmennesker.
-
KVA FINST PÅ ELEVROMMA VED INNFLYTTING?
På elevromma er det seng, stol, skrivebord og kleskap. I tillegg har skulen ein del møblar som ein kan supplere rommet med om det skulle vere ønskeleg.
-
KOR MANGE MÅLTID PER DAG?
På kvardagane blir det servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat i matsalen.
I helgene blir det servert frukost, middag og kveldsmat.
-
KVA ER KJØKKENTENESTE?
Alle elevar på Vestborg har frå tid til anna kjøkkenteneste. Då hjelper du til med å rydde og ta oppvasken etter middag og kveldsmat. Dette går på rundgang, og de er tre elevar som har det saman.
-
KVA ER GANG OG TEKJØKKENVASK?
Kvar mandag og torsdag er det gang- og tekjøkkenvask på internata. Då skal gangane og tekjøkkena vaskast slik at det er reint og fint rundt oss. Dette går på rundgang mellom alle elevane som bur på internata.
-
KVA GJER ELEVANE ETTER SKULETID?
Skulen har tilsett eigne miljøarbeidarar som har ansvar for miljøaktivitet på skulen. Etter leksetid (16.30-18.30) og i helgene blir det arrangert quiz, turneringar, spelekveld, elevkveldar mm. I tillegg kan du fritt benytte gymsal, ballbinge, styrkerom, sandvolleyballbane, bordtennis osv.
-
ER DET ELEVKJØKKEN PÅ INTERNATET?
På kvar internat er det eit eller to tekjøkken. Dette er kjøkken som elevane kan bruke for å lage seg mat på. Det kan derfor vere kjekt å ha med seg litt kjøkkenutstyr. Kjøkkena er utstyrt med fryser, kjøleskap, mikrobølgeovn og komfyr.
-
KORLEIS VASKAR EG KLE PÅ INTERNATET?
Kvart internat har vaskerom og tørkerom med vaskemaskiner og tørketromlar. Her kan du vaske og tørke klea dine. Hugs derfor å ta med deg vaskemiddel.
-
MÅ EG VASKE ROMMET MITT SJØLV?
Ja, det er viktig å halde rommet reint, så derfor er det romsjekk ein gong i månaden. Då kjem internatleiar rundt og sjekkar alle rom. I forkant må du rydde og vaske rommet og eventuelt badet dersom du har internatrom med bad.




