Idrettsfag
For deg som vil kombinere skule og trening
Her får du studiekompetanse samtidig som du har ein aktiv timeplan med praktiske og teoretiske idrettsfag.
Kvifor Vestborg?
Vi er kanskje Norges einaste "SKI-IN-SCHOOL" med internat og ligg midt i smørauge for fjellturar, klatring, topptur og padling.
Du kan ta skitrekket til toppen av Roaldshornet (1230moh) og renne gjennom knehøg pudder heilt ned til matsalen på middag. I Stranda kommune er moglegheitene mange for både idrett og friluftsliv.
Vil du lese meir om utdanningsprogrammet idrettsfag? Klikk her:

Slik er undervisninga
På ei vanleg veke har du 37,5 timar undervisning dei to første åra. I vg3 har du 35 timar.
Du som har gode rutine for trening, leksearbeid, riktig kosthald og søvn har eit godt utgongspunkt for å få tre knallgode år på idrettslinja.
Treningsmengd gjennom skuleveka:
90 minutt med aktivitet 2-4 dagar i veka.
Nokre økter er lette, nokre harde. Dette varierer frå veke til veke.
Framandspråk
På Vestborg tilbyr vi Spansk (nivå I og nivå II) og Tysk nivå II.
Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen, må ha 5t fordjupning i framandspråk på Vg3.
Kva venter deg
Læring og oppleving på Vestborg idrettslinje
Kvar veke vil vere prega av idrett og friluftsliv. Teori og praksis går hand i hand, og vekene er varierte.
I tillegg til dei vanlege aktivitetane ein møter på idrettslinja så er vil opptekne av å bruke nærområdet og naturen her på Sunnmøre.
For dei som er spesielt interesserte kan vi også hjelpe til med å organisere kursing og sertifisering i padling og klatring.
Gjennom vinteren vil det vere fokus på opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. Elevane vil få innføring i skredkunnskap og trene praktisk på kameratredning og trygge vegval.
I tillegg vil vi ta med elevane våre på flotte fjellturar både sommar og vinterstid.
"Camp Hjørundfjord" for idrett vg1
I starten av skuleåret vil den nye idrettsklassa i vg1 reise på ein 3-dagers tur som vi kallar for "camp Hjørundfjord". Her er ein kort oversikt over kva du som ny idrettselev kan glede deg til:
Dag 1:
Introduksjonskurs i kajakk på Hellesylt.
Deretter går turen vidare gjennom Norangsdalen og ned til Hjørundfjorden der vi lagar basecamp på Urke, ved foten av fjellet Saksa.
Dag 2:
Tur til Saksa (1073 moh)
Dag 3:
Padling/snorkling i Lygnstøylsvatnet
Mål for camp Hjørundfjorden
- Innføring i grunnleggande kajakkteknikk
- Praktisere og finne glede gjennom ulike former for naturopplevingar
- Lære om lokale friluftslivstradisjonar i nærområdet
- Bli kjent
Strandafjellet Skisenter
Gjennom vintersesongen bruker vi flittig Strandafjellet skisenter. I vg1 køyrer vi eit alpintkurs over fleire dagar. Alle idrettsklassene kjem til å ha undervisning, teknikktrening, videoanalyser og eigentrening.
Strandafjellet ligg kun 5 min frå Vestborg, og dei fleste idrettselevane kjøper sesongkort slik at dei har muligheit til å vere oppe både i helger, i fritimar og på kveldskøyring.
Ved å gå idrettsfag på vidaregåande oppnår du generell studiekompetanse
Dette gir deg eit grunnlag for å kunne søkje på dei fleste studier på høgskular og universitet.
Livskompetanse
Når du blir glad i trening og lærer å trene på måtar som fungerer best for deg, får du både meir glede i kvardagen og helsemessige fordelar som varer livet ut!
Dette håper vi du får erfare ved å velge idrettslinja vår.
Fasiliteter
- Skulen vår ligg på Stranda, midt i hjertet av Sunnmørsalpane
- Strandafjellet skisenter ligg 5 minutts køyring frå skulen, og det er muleg å følgje preppa løype heilt til døra på internatet
- På skulens område har vi beachvolleyballbane og ballbinge
- Vi har eigen gymsal som vert mykje brukt i vinterhalvåret til ballidrett og basistrening. Her er også ein liten klatrevegg.
- Eit velutstyrt treningsrom er opent heile dagen for elevane ved skulen
- Mona Stadion ligg ein kort gåtur frå skulen. Her er to store kunstgrasbaner og ei løpebane som vi brukar mykje
- Skulen har eigne kajakkar som blir brukt i undervisning
- Vi har bygd ein gapahuk på området som blir brukt til både bålkos, overnatting og undervisning
Utstyr til idrettsfag
Når ein går idrett er det behov for ein del utstyr til dei ulike aktivitetane vi held på med.
Her kan du får ein oversikt over kva du treng:


































