Kick-off 2027
Vurderer du å starte på studiespesialisering, idrettsfag eller påbygging på Vestborg vgs til hausten? Vil du bli bedre kjent med fagtilbodet, miljøet, elevane, aktivitetane og personalet?
Då er du velkomen til Vestborg 15.-17. januar 2027.
Opphaldet med mat og overnatting, er gratis. Det blir mykje kjekt program og elevane er klare til å ta godt imot deg.
Føresette er velkommen til middag og informasjonsmøte søndag.
Påmeldingsfrist: 11. januar.
Vi har berre plass til 60 deltakarar, så det kan bli fullt. Påmeldinga opnar
20.09.2026. (Føresette som vil vere med på middag/informasjonsmøte
søndag, må også melde seg på.)
Vestborg er ein kristen internatskule og ligg i Stranda kommune på Sunnmøre. Det er gode bussforbindelsar både mot nord, sør og vest.
Ta med sovepose, laken, pute/putevar, klede til gymsal og skiutstyr om du vil i trekket! Sidan vi skal ha aktivitetar ute, så er det veldig lurt å ta med skikkelege gode uteklede - tilpassa vêrmeldinga for helga.
Program for helga:
Fredag:
19:30 Kveldsmat
20.30 Kick-off
Laurdag:
10.00 Frukost
11.00 Aktivitetar
15.00 Middag
16.00 Omvising og faginfo
19.30 Kveldsmat
21.00 Elevkveld
Turnering + russekiosk.
Søndag:
10.00 Frukost
Skitrekket /sosialt på skulen
14.00 Informasjonsmøte foreldre
15.00 Middag (også for foreldre)
Velkommen til oss!









