Pris / stipend

Vestborg er ein kristen friskule, som får 85 % av undervisningsutgiftene dekt av staten. Skulepengane dekker ein del av dei resterande 15 %. Internatpengane dekker utgifter til mat og husvære.


Det er gode stipendordningar for elevar som går på internatskule. Nær sagt alle* elevar som bur i internatet får etter søknad bortebuarstipend.


* Unntak frå dette gjeld om du bur for nær skulen - for meir informasjon sjå "Kortreistpakken" under, og på nettsida til Lånekassen.

Bortebuarstipend

For skuleåret 2025-2026 er bortebuarstipendet på kr 6 871,- per månad. Dette stipendet er ikkje behovsprøvd. I nokre tilfeller kan du også få meir enn dette. Sjå lanekassen.no for meir info.

Kortreistpakken

Kortreistpakken er for elevar som bur for nært skulen til å få bortebuarstipend, men likevel ynskjer å bo i internatet. Prisen for 2026/2027 er kr. 3 500,- pr. mnd. for kost og losji. Tilbodet forutset at det er ledig plass i internatet.

Prisar for 2026-2027

Alle prisar er oppgitt pr. månad. Skuleåret er på 10 månader.

Skulepengar pr. mnd.
Studiespesialisering 2 400,-
Idrettsfag 2 600,-
Påbygging 1 500,-
Kost og losji pr. mnd.
Grunnpris - dobbeltrom med dusj/WC eller einerom utan dusj/WC 7 600,-
Tillegg for einerom med dusj/WC 1 200,-
Spesialdiettar:
Cøliaki 1 146,-
Spelt + laktosefritt 860,-
Vegetar 650,-
Skulen tilbyr ikkje vegankost.

Søskenmoderasjon: Det blir gitt 30 % reduksjon i skulepengar frå søsken nr. 2.



Priseksempel

Elev som går studiespesialisering og bur på enkeltrom utan dusj/WC eller dobbeltrom med dusj/WC.


Skulepengar - kr. 2 400,-

Kost og losji  -  kr. 7 600,-

Sum pr. mnd - kr. 10 000,-


Når du trekker frå bortebuarstipendet (kr. 6 871,-), blir prisen kr. 3 129,- pr. mnd. Prisen er altså omlag 100,- pr. dag og det dekker skuleplass, 4 måltid pr. dag, straum, varmevatn og tilbod om aktivitetar på fritida.

Fullstendig prisliste

Les meir

Skulebøker og læremateriell

Les meir