Bli-kjent-tur

Kjell Morten Håland • September 27, 2019
Frå måndag til tysdag var VG1-elevane på leirstaden Orreneset i Sykkylven. I løpet av måndag ettermiddag og kveld var det relasjonsbyggande program.

Den fyrste økta jobba dei med heftet «Velkommen til vår skole». Eit hefte med 7 nøklar kan auke eigen og andre sin trivsel ved ein skule. Døme på nøklar er å helse med namn, samt at det er viktig å lage rom for å at det er lov å gjere feil.

I den andre økta var det samtalevandring. Elevane gjekk to og to og snakka om spørsmål som «Korfor er det viktig å vere ein del av eit fellesskap?» og «Kven kunne du tenke deg å vere for ein dag?»

Etter både bading og grilling avslutta ein kvelden med leiken «Snik». Elevane vart delte inn i to lag. Føremålet var å snike seg usett inn i skogen og leggje ein lapp i ei bøtte. Dersom ein vart lyst på med lommelykt av læraren som «vakta» bøtta, måtte ein ta ein «strafferunde». Vinnarlaget var dei som hadde flest av sine lappar i bøtta.

Tysdag morgon var det frukost og ord for dagen, før det var vasking og avreise med destinasjon Vestborg.

Attendemeldingane frå elevane var at det var veldig kjekt, men dei hadde ei innvending: «Vi skulle gjerne ha vore lenger på tur!»