Camp Hjørundfjord
Kjell Morten Håland • September 14, 2020
Bli-kjent tur for den nye idrettsgjengen
11 idrettselevar starta på Vestborg i haust.
I starten av skuleåret reiste dei på "Camp Hjørundfjord". Dette er ein tredagers tur fullpakka med opplevingar.
Hovudmålet er å bli kjent med kvarandre, og samtidig sjå litt av området rundt skulen.
Første dag hadde vi eit introduksjonskurs i kajakk på Hellesylt. Her måtte elevane på slutten av økta øve på å velte rundt med kajakkane og hjelpe kvarandre opp att, såkalla «kameratredning».
Deretter køyrte vi til Urke Camping og satt opp lavvoar.
På dag to gjekk vi på Saksa, eit fjell på Urke som ragar 1073moh. Før vi starta turen stakk vi henda i fjorden for å starte heilt ifrå 0moh.
Resten av dagen tok vi livet med ro i campen. Primus-middag, avslapping i hengekøyene og volleyballspel utover kvelden.
Neste morgon pakka vi ned campen og køyrte til Lygnstøylvatnet i Norangsdalen. Vatnet vart danna i 1908, då eit steinras stengte Norangselva og oversvømte ei seter og ein liten skog. Det var spennande å padle på vatnet og sjå ruinar og tre rett under overflata.
Eg spør tre av jentene i etterkant av turen og lurer på kva dei syntes om turen:
- Alt var bra! Det er spesielt å tenke på at vi berre har vore på Vestborg i to veker. Det kjennes ut som vi har vore her minst ein månad! Vi blir så fort kjent med kvarandre her. Turen gjorde at vi vart endå tettare som klasse, er Kristina, Caroline og Laura einige om.
- Eit høgdepunkt var å nå toppen av Saksa idet skodda letta så vi fekk sjå den flotte utsikta, seier Laura.
- Og å gå vidare bortover fjellryggane var ein skikkeleg stilig oppleving, legg Caroline til.
- Og så var det digg å kome ned til campen og få meksikansk gryte til middag, avsluttar Kristina.