Pris / stipend
"Private skuler er for folk med god råd". Slike utsagn er ikkje uvanlege, men det er ofte ikkje heile sanninga.
Vår skule er ikkje til for å tene penger, men for å gje noko positivt til deg og samfunnet.
Dei aller fleste har råd til å gå på Vestborg og vi gjer alt vi kan for at økonomi ikkje skal vere eit hinder.
Det er gode stipendordningar for elevar som går på internatskule. Nær sagt alle* elevar som bur i internatet får etter søknad bortebuarstipend.
* Unntak frå dette gjeld om du bur for nær skulen - for meir informasjon sjå "Kortreistpakken" under, og https://lanekassen.no/nb-NO/stipend-og-lan/norge/videregaende-skole/videregaende-skole/.
Bortebuarstipend
For skuleåret 2023-2024 er dette stipendet på kr 5 639,- per måned. I nokre tilfeller kan du også få meir enn dette, det kan du sjekke i stønadskalkulatoren på www.lanekassen.no.
Kortreistpakken
Bur du så nærme skulen at du ikkje får bortebuarstipend frå lånekassa? Fortvil ikkje!
Prisar for 2023-2024
Om du, som dei fleste, ynskjer å bu på internatet, så koster det deg frå 8 550,- pr. mnd. om du går studiespesialiserande. Vil du gå på idrett koster det frå 8 760,- pr. mnd. Så kan du trekke frå bortebuarstipend og utstyrsstipend.
Ynskjer du fleire detaljer, som kva det koster med enkeltrom og eige bad, eller treng spesiell diett grunna matallergi e.l, trykker du berre på knappen under.
Ønskjer du einerom med bad kostar dette kr. 1 050 ekstra pr. månad.
Dersom du ikkje bur på internatet betaler du kun skulepengar. Prisen er pr. månad og skuleåret er 10 månader. Desse er fordelt slik: Idrettsfag (2 310), stud. spes (2 100) og påbygg (1 500).
Tillegg:
Dersom du treng spesialdiett er det eit tillegg i pris pr. mnd. som er fordelt slik:
Diett der eleven mottek støtte frå det offentlege kr 1 047
Diett der eleven ikkje mottek støtte frå det offentlege kr 600
Skulen tilbyr ikkje vegankost. Ta kontakt med oss dersom dette skaper problem for deg.
- Kjøkkenet legg til rette for spesialdiettar. Ekstra kostnader kan kome i tillegg på vanlege prisar.
- Søskenmoderasjon - Dersom fleire søsken går på skulen same skuleår, blir det gitt 30% reduksjon i skulepengar frå søsken nr. 2.