Kvardagsglimt: Elev Adrian jobbar på kjøkenet

June 5, 2025

 Adrian Svindseth Pettersen frå Ramstaddalen i Sykkylven er ein av dei som er tilsett som kjøkenhjelp.

 

- Vi hjelper til med å rydde etter middag, samt å ha ansvar for kveldsmat ein til to dagar i veka, fortel Adrian

 

- Korleis er det å ha denne jobben?

 

- Det er veldig praktisk at ein slepp å gå langt for å kome på jobb, og så er det ein fin måte å tene pengar på. Dessutan har vi som har dette som jobb eit veldig godt fellesskap, seier han nøgd
 
Kjøkensjef Dana Rudusa er veldig nøgd med hjelpa ho får av ungdomane.
 

- Denne ordninga med elevar som trør til er til veldig god hjelp for oss faste tilsette. Elevane gjer ein veldig bra jobb og er ein fantastisk gjeng! slår Dana fast.