Ledige stillingar

Kjell Morten Håland • April 30, 2020
Hausten 2020 treng Vestborg VGS nye lærarar. Det gjeld realfag, idrett, samfunnsfag, historie og engelsk.

Studieretningane ved Vestborg VGS er studiespesialisering, idrett og påbygging. Skulen har om lag 70 elevar frå store delar av landet, og dei fleste bur på skulen sitt internat. Dei tilsette tek del i tilsynsordning og sosialpedagogisk arbeid i internatet. 

Vi ønskjer tilsette som kan identifisere seg med skulens verdigrunnlag og som vil jobbe for den kristne målsetjinga, ta del i sosialpedagogiske oppgåver og det kristne arbeidet. Løn etter KS-regulativ.

Vestborg VGS er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og er ein NLMvgs-skule. 

Dei som blir tilsette må levere politiattest.

Send søknad og cv til rektor@vestborg.no. Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt.