Lotte stortrivast på Vestborg
Kjell Morten Håland • November 15, 2019

VG1-elev Lotte van Oorschot (midt i biletet med lillakvit genser) kjem frå Davik i Nordfjord. Ho går på idrettslinja i VG1, og ho har skrive ein artikkel om Vestborg for Troda Tidende i Davik.
Denne teksten vert publisert på vestborg.no med tillating frå avisa.
Denne teksten vert publisert på vestborg.no med tillating frå avisa.
Eit nytt kapittel
Å reise på hybel og flytte heimanfrå har alltid vore noko eg visste skulle skje, men når det først var tid for det, kom det brått på. Heile kvardagen vert annleis, nytt miljø, nye vennar og ein ny heimstad. Det er ganske overveldande. Ein heilt ny kvardag på Vestborg vgs på Stranda går over all forventing, og det var starten på eit heilt nytt kapittel.
I midten av Sunnmørsalpane ligg Stranda, min nye heimstad. Det er noko som fortsatt er heilt fjernt, sidan det er Davik som alltid vil stå hjertet mitt nærast. Ete frukost med heile skulen, gå i klasse med romkameratane sine, ha bursdagsfeiringar i gapahuken, gode samtalar på tekjøkkenet, spele spel med lærarane, filmkveld med skulen, fjelltur i skuletida er no ein del av kvardagen min. Dette er ein kvardag som eg trivast innmari bra i, og dette er alt takka vere det gode miljøet og ikkje minst internatlivet på Vestborg vgs. Det at ein bur på skulen med alle vennane sine, ete alle måltid saman, lærarar som ein får eit heilt spesielt forhold til og ikkje minst dei gode muligheiter til friluftsliv, er heilt unikt ved Vestborg.
Vestborg vgs er ein kristen (ski-in/ski-out) internatskule som tilbyr studiespesialiserande og idrettslinje med blant anna friluftsliv. Eg valde Vestborg fordi dei hadde ein idrettslinje som var meir retta til friluftsliv, og ikkje minst internatlivet som virka veldig kjekt. Det tok meg litt tid å bestemme meg, for eg kjente ingen og heller ikkje skulen, men eg er så glad for at eg valde Vestborg. Det er eit så utrulig godt miljø og fellesskap både på tvers av elevane, men også lærarane.
Ein skule med bare 70 elevar frå heile landet, og 20 vaksne i personalet gjer at ein blir ein stor familie. Her kan ein kan vere seg sjølv og utvikle seg både personleg og sosialt. Det kristne miljøet gjer at det er eit så godt miljø, der det er lagt grunnlag for å ha gode samtalar, og vennskap som vil vare livet ut.
På fritida er det alltid noko som skjer på internata, i gymsalen, salongen eller ute. Å gå på fjelltur på dei nydelige fjella som ein er omringa av, spele fotball eller volleyball, og det som eg gleda meg mest til; å stå på ski på Strandafjellet og kjøre rett ned til skulen i tidenes pudderparadis. Det er berre noko av det som skjer på fritida, det er alltid noko sprell å finne på.
Å ikkje bu heime lenger var eg veldig spent på korleis eg ville takle, med tanke på heimlengsel. Heimlengsel er noko eg ikkje har følt på i det heile tatt, noko eg vart ganske overraska over. Det er likevel alltid like deilig å komme heim til Davik, og ta ein pust i bakken. No sette eg enda meir pris på bygda med dei fine folka, omgjevnadane og roen.