Haustfestrapport

Kjell Morten Håland • November 14, 2019
Laurdag 9.11. var det haustfestdag på Vestborg. Det gjekk slag i slag med foreldresamtalar, foreldremøte og fest, og den erfarne kjøkengjengen sørgde for at alle fekk i seg god mat.

Sjølve festen vart leia av VG2-elevane Feven Alemu og Kristianne Kvalsvik på engasjerande vis. 

Rektor Håkon Hovda kom med ei helsing, og han nytta høvet til å presentere Håkon Rødseth og Simon Hovlund, dei nye lærarane våre. Simon song også to av songane sine, med hjelp frå VG3-elev Therese Fylling.

Forelder Hjørdis Vikenes haldt andakt om at vi alle har, som gråsteinen, prikkar av levd liv, og at Jesus likevel viser oss nåde. 

Festlyden vart også oppmoda av forelder Rogier van Oorschot oss alle til å gjere skulen meir kjend. VG1-elevane Olianna Johansson og Anna Henriksen song og spelte vakkert, medan VG3arar sitt humor- og danseinnslag slo også godt an.

Det bør også leggjast til at misjonsprosjektleiarane Sofie Yri Aaberg og Therese Fylling hadde ein kort og god informasjonbolk. I år samlar ein inn midlar til ulike prosjekt i Japan.
Festen var avslutta på sedvanleg godt vis med god mat frå Dana Rudusa og co på kjøkenet.

Feven Alemu og Kristianne Grande Kvalsvik leia festen

Forelder Hjørdis Vikenes haldt andakt

VG1-elev Olianna Johanssong

Forsangargruppa