Hospiteringsveke
Kjell Morten Håland • November 7, 2019
Går du i 10. klasse og vurderer å byrje på Vestborg komande haust? I veke 46, som er 11.-15. november, er det hospiteringsveke.
Skulen vil denne veka opne for at du kan kome på vitjing den datoen som høver best for deg, og dersom du ynskjer å prøve korleis det er å bu på skulen, så er du også velkomen til å overnatte på eit av internata. Alle måltid du et på skulen vil Vestborg spandere.
I løpet av tida du er på tunet vil ei gruppe elevar, Vestborg-ambassadørane, saman med lærarar, leggje tilhøva til rette sånn at du vert best mogleg ivareteken. Du vil få vere med i vanlege timar på skulen, og du vil få informasjon om kva tilbod skulen har.
Velkomen skal du vere!
Program (likt for alle dagane):
(NB! Vi opnar opp for at du kan kome klokka 11.15 dersom du vel å ta bussen frå Moa kl 09.40)
kl 0900-1000 Orientering om studietilboda våre, om internatet, lånekassen osv
Ambassadørane blir med heilt på slutten
Stad: Salongen, møt i hallen utanfor gymsalen
kl 1000-1030 Morgonsamling i møtesalen
kl 1030-1115 Undervisning
kl 1120-1205 Undervisning
kl 1205-1235 Lunsj
kl 1235-1325 Undervisning
kl 1340-1400 Omvisning