MENY

Søknader til Vestborg


Å søkje på skuleplass hos Vestborg er veldig enkelt. Før 1. mars gjer ein det på Vigo. Då treng du berre å klikke den oransje boksen, så blir du sendt dit. 


For dei som ynskjer å søkje på særskild grunnlag har dei ei frist til 1. februar. 


Etter fristen tek vi inn søkjarar så lenge det er ledige plassar. Vestborg har heile landet som inntaksområde. Søkjarar frå Møre og Romsdal søkjer som registrert søkjar. Du må altså prioritere mellom Vestborg og dei offentlege skulane i Møre og Romsdal. Det er fint om du set Vestborg på 1.plass=)


Søkjarar frå andre fylke enn Møre og Romsdal registrerer seg som uregistrert søkjar på Møre og Romsdal, og kan dermed velje Vestborg.


Alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skular, kan søkje. Det betyr i prinsippet at om du ikkje har brukt opp ungdomsretten , så har du ein god sjans å få plass hos oss. 


Inntaket til Vestborg vert gjort med utgangspunkt i inntaksreglementet vårt – trykk her for å lese inntaksreglementet.


Sjå elles informasjon på www.vigo.no og på www.vilbli.no.


Obs! Alle søknadar før 1. mars skal leverast elektronisk på Vigo.no. Om du søkjer etter dette må du gjere det ved å fylle ut skjemaet du finn på bunnen av sida for søknad. 


Har du spørsmål eller behov for hjelp med å søkje så berre ta kontakt!


Send gjerne ein epost til ostrand@vestborg.no (inspektør II) eller ring 70 26 39 00.

Share by: