Om kjærleik og parforhold

Kjell Morten Håland • November 2, 2019
Denne veka var Dag William Haugeto Stang på Vestborg for å snakke om kjærleik og parforhold.

Haugeto Stang jobbar mellom anna som samlivsrettleiar, og han klarte å halde elevane lyttande gjennom fire skuletimar.
Han hadde mange emne han var innom. Mellom anna snakka han om føremonar med å gifte seg kontra å gå inn i sambuarskap, samt å vente med å ha sex før ekteskapet. 

Han gav også elevane tips om korleis dei kunne få eit forhold eller ekteskap til å vare. Nøkkelen her, i følgje Haugeto Stang, er å byggje vennskap seg i mellom. Det gjer ein til dømes gjennom å stille spørsmål og lytte til kva den andre har på hjarta.