Opningshelg på Vestborg

August 19, 2024

Laurdag var det høvesvis nøkkelutdeling til romma for elevane og klassevise samlingar for elevar og foreldre. Klokka 18 var det fest med tradisjonelt program, som helsing frå rektor, andakt – denne gong av Ung-leiar i regionen, Geir Henning Tunheim – personalpresentasjon og elevinnslag. Dessutan diska kjøkenleiar Dana Rudusa og hennar team opp med nydeleg festmat.

Laurdag kveld var det tid for at nye elevar fekk bli kjend med fadrane sine gjennom ulike aktivitetar.

Sundagen var bli-kjend-dag. Ungdomsleiar Simon Morris leia aktiviteten. Elevane vart delte inn i 10 grupper som skulle gjennom 10 postar av varierande aktivitet.
 
Om kvelden skulle kvar av gruppene kome med kvar sitt underhaldningsinnslag på elevkvelden.


Det har i helga vore tilbod om mange aktivitetar, og då har det vore gledeleg å observere dei nye elevane: Dei har vore opne for, og vore aktiv med, å bli kjende med sine nye skulekameratar.
 
Dette borgar for nok eit godt Vestborg-år.