Skuletur til Roma

Kvart år reiser heile vg2 på klassetur til historiske Roma.

Turen har fokus på kristendomsfaget og historiefaget. Elevane får innblikk i Romas historie, Martin Luther og reformasjonen, Peter, Paulus og dei første kristne.

Turen varer i 6 dagar og er fullpakka med spennande dagsprogram og hyggeleg fritid med byvandring, badedag, italiensk is og mykje meir!  

Dette er eit stort høgdepunkt kvart år. 

"Forrige veke reiste vi i VG2 og VG3 på studietur til Roma! I forbindelse med kristendoms- og historiefaget fekk vi oppleve nokre av plassane og høyre meir om historiske personar, som vi har lært om i løpet av året. Dette vart ein lærerik og minneverdig tur. 

Vi fekk blant anna besøke Paulus- og Peterskyrkja, Colosseum, Katakombene og andre attraksjonar i byen. På Petersplassen fekk vi som ville moglegheit å gå opp i kuppelen på Peterskyrkja, her var det utsikt over heile Roma! Sjølv om dette var ein studietur, fekk vi også mykje fritid. Det gjekk til å utforske byen, ete god mat, slappe av og nyte finværet. Fellesskapet og samhaldet mellom klassene vert enda meir styrka på slike klasseturar, noko som gjer det enda kjekkare. 

“Innhaldsrikt, fin kunst, interessante plasser, samhald, sosialt og opplevelsesrikt” er nokre ord elevane beskriver turen med. Det var kjekt å endeleg kunne reise litt utanlands igjen, til ein annan by og oppleve ein annan kultur. Varmen gjorde også at vi fekk kjenne litt på sommaren. “Vi vil tilbake!”

 - Skrive av vg2-elev Hedda Hugvik frå fjorårets tur.


  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button