ØSTEN OLAI OMMEDAL

Kjell Morten Håland • February 17, 2018

- Vestborg er fantastisk bra. Eller rettare sagt: Utenkjeleg bra!

Det seier VG2-elev Østen frå Nordfjord i Tekjøkkenpraten.


FANTASTISK MILJØ

- Den fyrste tida i VG1 var eg usikker, men etter kvart merka eg kor bra alle folka på Vestborg er. Det er eit fantastisk miljø her – og alle er snille og vil det beste for dei andre. Sidan Vestborg er ein internatskule, så kjem ein kjapt inn i miljøet. Dessutan så har ein folk rundt seg heile tida, og det gjer at ein har kort veg dersom ein vil henge med andre, fortel Østen.


Han held fram:

- På Vestborg er det sånn at alle kjenner alle. Eg synest det er veldig kjekt å gå på ein skule der eg kan både sei hei og snakke med alle medelevane mine. Elles set eg også pris på at miljøet er open for at det er lov å tenke ulike tankar, seier Østen.


- Kvifor valde du Vestborg?


- Pappa gjekk på Sygna, internatskulen til NLM i Balestrand, og eg hadde lyst å gå der. Men då eg undersøkte meir om internatskular fann eg ut at Vestborg ville vere eit godt alternativ. Ein fordel var at skulen var relativ liten. Dessutan kjende eg ingen her, og dermed kunne eg la folk bli kjend med meg sånn som eg er – utan førehandskjennskap.



- PERSONALET BACKAR OPP

- Korleis har møtet med skulen vore?


- Vestborg er tufta på gode verdiar og har ei veldig bra organisering. No er det ikkje sånn at medelevane mine og eg held alle reglane ved skulen heile tida, men eg merkar likevel at reglane er meint til det beste for oss elevar. Elles merkar eg at også leiinga ved skulen vil oss det beste, og at heile personalet backar oss elevar opp til å gjere det godt på skulen og å utvikle oss som menneske.



- VENER FOR LIVET

På Vestborg er det mogleg for elevar å jobbe litt ekstra. Det gjer at ein både kan tene seg litt pengar og få jobberfaring. Østen er ein av dei som har ekstra mange jarn i elden.


- Eg hjelper til med snømåking og strøing. Dessutan jobbar eg ein del på kjøkkenet. Der har eg ansvar for rydde etter middag og ordne til kveldsmat for elevane. Eg står også på reserve-vaskelista, så når nokon av dei faste vaskarane melder forfall, så kan ein sjå meg svinge moppen.


- Korleis opplever du desse ekstrajobbane?


- Eg trivest med å ta i eit tak, og spesielt snømåkinga er bra. Då får eg trena samtidig, seier han.


Når Østen mot slutten av samtalen får spørsmål om kva Vestborg har gitt han, så kjem svaret raskt.


- Vener for livet. Dessutan har eg gjennom bibelgrupper, samtalar, onsdagsmøter og morgonsamlingar fått utvikla meg som kristen, slår nordfjordingen Østen fast.