MENY

Tekjøkkenpraten: Ann Elin Hjelset, Averøy

Mar 22, 2024

- Jenta mi trivast utruleg godt!

Ann Elin Hjelset frå Averøy er mamma til Julie som går i vg1. I august i fjor sendte ho yngstebarnet sitt til Vestborg.


- Det heile går strålande, og Julie trivast utruleg godt! Ho trivast med alt; med internatlivet, lærarar og medelevar, seier mamma Ann Elin på telefon frå Averøy.

 

- Korleis hadde det seg at de valde Vestborg?

 

- Kvart år blir det arrangert ei yrke- og utdanningsmesse for 10. klassingane på Averøy ungdomsskule. På denne messa fekk skulane nokre minutt å presentere seg, og Vestborg-elevane Grete og Anne Marte Seljehaug frå Averøy informerte om Vestborg. Dei hadde eit veldig personleg engasjement for Vestborg som gjorde oss nyfikne. Litt etterpå fekk vi meir informasjon om skulen på eit klasserom. Då tenkte eg «Å, nei! No kjem Julie til å flytte!» for eg skjøna at Vestborg var midt i blinken for ho. Det vart stadfesta då me kom heim den kvelden, for då sa Julie at ho ville byrje på Vestborg.

 

- Kva tenkte du då?

 

- Julie er yngst, og det er noko med det når sistemann flyttar heimanfrå. Eg var også litt usikker på om ho var klar til å flytte, men tenkte samtidig at dette kunne bli gull for ho. Det var viktig for oss å gje ho rom for å prøve det ho ville innanfor trygge rammer. Og trygge rammer, det har Vestborg.


Ann Elin fortel at familien ikkje er typiske bedehus- eller kyrkjegjengarar.


- Vi er opne for den kristne trua, og vi kjenner oss veldig igjen i dei kristne verdiane. Dåp og konfirmasjon er viktig for oss – og det å gå i kyrkja på julaftan, men elles praktiserer vi ikkje det religiøse i stor grad. Likevel opplever eg at Julie kjenner seg inkludert og velkomen på Vestborg. Ho fortel at ho opplever respekt for den ho er, og at ho er med på mange gode diskusjonar om spørsmål om liv og tru.



Gjennom samtalen kjem Ann Elin fleire gonger innpå dette med godt miljø.


- Eg trur miljøet er så bra fordi Vestborg har eit veldig stort fokus på trivsel, men det kan også kome av ein fin blanding av ulike personlegdomstypar i miljøet. Når det gjeld det faglege, så opplever Julie seg ivareteken av faglærarane og føler seg trygg. Det gjer at ho kan spørje om ho står fast. Eg opplever at lærarane på Vestborg ser sjølve individet, og ikkje berre elevar som ei gruppe.

 

Ann Elin arbeider som økonomikonsulent i det globale matforedlingselskapet Marel.
 

- Korleis vurderer du det økonomiske ved å ha eitt av barna på Vestborg?

 

- Julie bur på enkeltrom, så då blir det litt dyrare i månaden enn minstepris. Men totalt sett så er det ikkje det noko forskjell på å ha ho heime. På grunn av bortebuarstipendet er så høgt, så dekkjer det mesteparten av skulepengar, kost og losji. Kvar dag kostar ikring 130 kroner, og for den summen så får ein seng, varmt og kaldt vatn, straum, internett, tilgang til vaskemaskin og fire måltid. I tillegg får ein tilgang til alle fritidsaktivitetar som miljøteamet legg opp til, samt tur til Roma i vg2.

 

- Korleis vil summere det å ha eitt av barna på Vestborg?

 

- Julie er eit einaste stort smil!

Share by: