LÆRAR ANDERS NYBAKK

Kjell Morten Håland • October 2, 2018

Anders (28) er ny lærar i år ved idrettslinja på Vestborg.


- Eg har fått draumejobben! seier han.

Hedmarkingen kjem frå Nord-Odal, som ligg nordaust for Gardermoen. Vegen til Vestborg gjekk gjennom Valdres og Volda.

- Det var mykje idretts- og friluftsliv på meg då eg var liten, men det fekk ein pause i tenåra. Mykje av ungdomstida mi nytta eg framføre ein skjerm og spelte skjermspel. Når eg ser tilbake på den tida, så skulle eg ynskje at eg også var meir fysisk aktiv i ungdomsåra.

- Kva fekk deg til å endre kurs?

- Etter eg var ferdig med vidaregåande byrja eg på hundekøyringslinja ved Valdres folkehøgskole. Eg hadde ikkje erfaring mykje erfaring med hundar frå før, men hadde eit av mine beste år hittil i livet. Etterpå var eg «stip» på skulen – eit anna ord for eittåring.

VALDRES, VOLDA OG VESTBORG

Tida i Valdres hadde staka ut yrkeskarrieren til Anders.

- Eg ville bli idretts- og friluftslærar i folkehøgskulen, og eg vart tipsa om at det kunne vere klokt å ta friluftsliv ved høgskulen i Volda. Difor hamna eg på Sunnmøre, og eg har sidan vore i Volda. Som student har eg teke utdanning i friluftsliv, idrett, historie, naturfag og praktisk-pedagogisk utdanning. Dei to siste åra har eg jobba ved Volda ungdomsskule.

- Korleis vart det Vestborg?

- Eg visste det var planar om å starte idrettslinje ved skulen. Då eg fekk sjå stillingsannonsa var valet lett, og eg sette meg rett ned for å skrive søknaden. Den brukte eg god tid på, for eg ville ha han best mogleg. Jobben som idrettslærar ved Vestborg vidaregåande skule ville eg gjerne ha, og gleda var stor då eg fekk stadfesta at eg hadde fått stillinga.

GOD START

Anders har vore i sving i knappe to månadar, og han har fått ein god start.


- Det er heilt topp å vere her. Eg hadde trudd det skulle bli bra, men det har vore betre enn eg trudde! Det har vore mykje å setje seg inn i, og det har til tider vore slitsamt, men trivselen er så høg at det går veldig fint. Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag!

- Kva er årsaka til trivselen?

- Elevane utfordrar meg fagleg, noko som eg likar. Dessutan er det eit tett samhald i elevgruppa. Eg trivast også godt i kollegiet, og eg trivast med at Vestborg er ein kristen skule. Her kan eg, på ein annan måte enn i ein offentleg skule, vere open om trua mi. Det opnar opp for diskusjonar om tru og livssyn med dei unge, noko som eg opplever er innmari fint å få gjere.

Anders sitt yndlingsbibelvers er Jeremia 29.11. Der står det: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»


- Det er skriven til det jødiske folket, men eg opplever at det også talar til meg. Gud har ein plan med livet mitt, og eg treng ikkje å legge allslags planar. Han hjelper meg, og eg finn tryggleik i han.