Tekjøkkenpraten: Mathias Giskeødegård i vg2 idrett
Kjell Morten Håland • September 30, 2020

Tida mi på Vestborg har vore super. Eg har gått her eitt år, det året som har gått raskast i heile livet mitt, seier han. Det er ein draum å bu her. Særleg legg han vekt på internatlivet, og at det er lett å bli kjend med andre.
Mathias tenkjer likevel at skule er viktig (det må seiast at intervjuaren avbraut han i samfunnsfagslesinga for å få gjort unna denne samtala), og sjølv om han går idrettsfag, er han veldig interessert i samfunnsfag, historie og geografi. Samtidig trekkjer han fram aktivitetslære som den best tenkjelege fagdagen, med stisykling som det absolutte høgdepunktet.
Likevel: Livet etter skule- og leksetid med å henge med vener, er supert. Det beste i livet er venner som muntrar ein opp, og eg er svært takksam for dei. Kanskje er det under måltida eg trivest aller best, å høyre kva andre folk driv på med, både faglege og andre ting.
Det skjer mykje på huset, og det er svært positivt, men han liker også dei litt rolegare helgene her på huset. Med færre ting som skjer, blir det betre tid til ro og ettertanke, bøn og bibellesing.
At det er ein relativt liten skule, gjer at ein blir godt kjend med mange, både i eiga klasse, og i dei andre to klassetrinna, ja til og med ganske godt kjend med dei tilsette. Når Mathias våren 2022 står med vitnemålet i handa, er han overtydd om at han likevel ikkje er heilt ferdig. Her har eg funne vener for livet, seier han med eit stort smil.