Tekjøkkenpraten: Påbygg-elev Kristian Øie Horn
Kjell Morten Håland • December 23, 2019
- For fyrste gong bryr eg meg om skule.
Kristian Horn er ein ihuga Manchester United-fan frå Hundvåg i Stavanger. Påbygg-elev Kristian har lang veg heim når han skal på ferie, men stortrivast på Vestborg.
- Eg storkosar meg. Her er det veldig bra og bu, og Vestborg er ein veldig bra skule.
Vi har sett oss til rette på biblioteket. Tekjøkkenet på internatet Drege er nemleg oppteke av to karar som vaskar ned kjøkenet til jul.
- Kvifor byrja du på Vestborg?
- Eg fekk høyre at ei venninne skulle byrje her. Det gjorde at eg også søkte - og fekk plass. Det har vore eit veldig godt halvår, og eg trivast veldig godt.
- Eg fekk høyre at ei venninne skulle byrje her. Det gjorde at eg også søkte - og fekk plass. Det har vore eit veldig godt halvår, og eg trivast veldig godt.
- Kva er det som gjer trivselen er så høg?
- Her er det engasjerte, flinke og dyktige lærarar. Dei veit kva dei held på med, og dei kan faget sitt. Dessutan er alle saman er veldig engasjerte. I og med at Vestborg er ein internatskule, så er dei meir enn berre lærarar. Det gjer det lettare for oss elevar å få kontakt med dei, meiner han.
Kristian held fram:
- På Vestborg er alle i personalet hyggjelege, men det er eit problem. Det gjeld rektor Håkon Hovda. Han held med Liverpool. Elles er han knakande triveleg kar.
POSITIVT PRESS
Tidlegare har ikkje skule akkurat hatt fyrsteprioritet hos Kristian.
- For fyrste gong så bryr eg meg om skule. Her på Vestborg føler eg eit positivt press. Når heile klassen sit og øver på prøve, så er det teit å vere den einaste som ikkje øver. Tidlegare så kunne eg ikkje brydd meg mindre, men no jobbar eg med å lære og å forstå gjennom å gjere det som eg skal.
Før vi går til tekjøkkenet for å ta bilete avsluttar Kristian:
- På Vestborg blir ein akseptert for den ein er. Årsaka til det er at her er det imøtekomande og kjekke folk!