- Veldig bra «skule-på-hjul»

May 29, 2026

Kvar vår reiser vg1 på «skule-på-hjul». I år gjekk turen til Nordmøre, og elevane fekk fagleg innhald på veg nordover og på veg sørover. Vi overnatta på NLM sin leirstad, Solhøgda, i Ålvundfjord.
 
Her kjem vg1-elev Timo Steketee si skildring av tysdag og onsdag denne veka:
 
- Heile turen var bra – og var full av aktivitetar. Vi har lært om landformer mellom Stranda og Sykkylven, og om Bjørnstjerne Bjørnson på Nesset prestegard i Romsdal. Vi har også fått vore inne i tunnelen til Statkraft i Sunndal. Der fekk vi sjå korleis ein lagar kraft av vatnet som strøymer ned i røyr inne i fjellet. Dessutan fekk vi omvising i buss på Sunndal verk og lærte om korleis dei produserer aluminium på verket. Det var også veldig fint å vere på Solhøgda, der me blei godt mottekne av Kari og Arne-Johan Gagnat. Heile turen bringa oss som klasse meir saman. Det var ein veldig, veldig bra tur, seier Timo.

Borgstova på Nesset prestegard



Ask og Storm ved skrivebordet i Bjørnstjerne Bjørnson sin barndomsheim

Styrar Arne-Johan Gagnat har leik med elevar på Solhøgda