VESTBORG ER 70 ÅR 9. JANUARVESTBORG ER 70 ÅR 9. JANUAR
Den 9. januar i 1949 starta Vestborg opp som skule, og 70-årsdagen vart markert på tunet. Klokka 09 var det flaggheising rektor Håkon Hovda haldt ei lita helsing. Han understreka mellom anna dette:
-Eg er takknemleg for at Gud har vore med skulen i desse åra, og eg er glad for alt det skulen har betydd for så mange unge.
Under morgonsamlinga hadde Svein Lars eit kort attersyn frå den fyrste tida skulen eksisterte, medan det til lunsj var marsipankake til elevar og tilsette.