Vestborg-lærar til VM!

September 23, 2025

Vestborg-lærar Jonas Hesthaug er utteken til VM i fjell-løp av det norske friidrettsforbundet, og han reiser i desse dagar til den spanske delen av Pyreneane. Der skal han fredag 26.9. i aksjon i ei løype på 45 kilometer som inneheld ein høgdeskilnad på 3700 meter. Han estimerer å bruke ikring 5 ½ time på fjellferda si.

- Kva ynskjer du å få ut av løpet?


- Fyrst og fremst er det veldig kjekt å bli teken ut til eit verdsmeisterskap. Eg har førebudd meg godt, og eg ynskjer aller mest å oppleve at eg klarar å yte mitt aller beste.


- Kva tenkjer du kan vere utfordrande?


- Det er alltid spennande om eg finn den rette opningsfarta. Elles skal vi springe opp i 2500 meters høgde, og eg er spent på korleis det påverkar kroppen. Men alt i alt gler eg meg mykje til fredag. Det blir ei heilt spesiell oppleving og eit minne for livet, seier VM-deltakar Jonas.

PS! Livesendinga kan du følgje her:
https://www.youtube.com/live/vUSOJl1z5ZI?si=CWRfn7iTciuayw7F