MENY

- Vi har hatt det kjempebra i Roma

Apr 17, 2024

Kvart år dreg til vg2 ved Vestborg til Roma på klassetur. I år var det Ellinor og Rannveig sin klasse sin tur.


- Vi har hatt det kjempebra. Alle har vore i godt humør, og vi har merka vi er ein samansveisa gjeng, seier dei.

 

- Kva har de likt?

 

- Eg har ikkje vore så mykje i utlandet før, så det var spennande å samanlikne Roma med Noreg. Til dømes var det interessant å sjå den italienske trafikk-kulturen, og bli kjent med den italienske maten. Den norske maten er best! slår Ellinor fast.

 

Dei har fått oppleve turistmagnetar som Colosseum, Forum Romanum, Peterskyrkja og ein av katakombene, men dei har også vore på stader som er mindre kjende som Pauluskyrkja, det jødiske museet og Laterankyrkja. Turen er ein del av kristendom- og historiefaget. Til dømes skal erfaringane elevane skaffa seg i Roma synast i ein større fagsamtale.

 

- Det var kjekt å ha og nyte skule på ein sånn måte, seier Rannveig.



Dei sette også pris på fellesmåltida klassen hadde, samt at kontakten med personalet blei tettare enn i Vestborg-kvardagen – og Rannveig summerer turen opp på fyndig vis:

 

- Roma-turen er noko å gle seg til for Vestborg sine framtidige vg2-elevar!

Ellinor og Rannveig har vore i Roma med vg2-klassen sin.

Trangt i t-banevogna i Roma.

Elevane budde i nærleiken av Colosseum.

Share by: