Vi ønsker å vere der for elevane

Åshild Stenberg • August 14, 2026

Vi ønsker å vere der for elevane

Frå venstre: Hanna, Benedikte og Ingeborg


Bli kjent med dei nye miljøarbeidarane våre!


Eit nytt skuleår betyr også nye ansikt på Vestborg. I år er det Hanna, Benedikte og Ingeborg som skal vere miljøarbeidarar – og her kan du bli litt betre kjent med dei!


Hanna Aasbø (19) frå Bøfjorden var avgangselev på Vestborg i 2025. Det same var Benedikte Karoline Almenning (20) frå Årdal i Breim. Ingeborg Nord-Varhaug frå Tonstad er derimot eit nytt namn for mange på Vestborg. Ho gjekk på Framnes i same russekull som Hanna og Benedikte, og kjende ikkje Vestborg frå før. No har ho flytta til Stranda for å vere ein del av miljøet her det komande året.

Etter vidaregåande har Ingeborg og Benedikte gått saman på Fjellhaug Bibelskole, medan Hanna har hatt eit år på Helgeland folkehøgskule.


– Vi ønsker å vere der for elevane

Når eg spør kvifor dei ønskte å bli miljøarbeidarar, er alle tre opptekne av det same: Dei ønsker å bety ein forskjell og vere der for elevane.


– Vestborg har betydd mykje for meg, og eg ønsker å gi noko tilbake. Eg har lyst til å vere der for elevane, seier Hanna.

Benedikte trekker også fram dei gode erfaringane frå si eiga tid på Vestborg:

– Eg er veldig glad i denne plassen, og hadde sjølv gode miljøarbeidarar då eg gjekk her. No ønsker eg å vere ein trygg person for elevane som går på Vestborg dette året.


Kva håpar de å bidra med i miljøet på Vestborg?

– Eg ønsker å vere med på å skape tryggleik og eit godt samhald, seier Benedikte.

– Eg er einig. Eg ønskjer å vere ein person elevane kan kome til, uansett, legg Ingeborg til.

Hanna håpar også at året kan gi rom for utvikling på fleire område:

– Eg har eit ønske om at vi kan vekse saman, både sosialt og i trua.


Kva likar de å bruke fritida på?

Benedikte:
– Eg er veldig glad i å berre vere saman med vener og familie. Og så er eg glad i å gå tur.

Hanna:
– Eg likar å drive med idrett og ulike former for friluftsliv. Eg er spesielt glad i langrenn og topptur.

Ingeborg:
– Eg likar å vere med vener og gå på fjelltur. Om vinteren er eg veldig glad i ski – eigentleg alle slags former for ski!


Til slutt: Kva bør elevane vite om dykk?

Hanna:
– Eg har eit kraftig konkurranseinstinkt, men eigentleg er eg «kjøle» grei!


Benedikte:
– Eg er god til å hugse nye ansikt – trur eg i alle fall! Test meg gjerne i starten av skuleåret.


Ingeborg:
– Eg er ein generøs person. Treng dokke spons til misjonsløpet?




Vi ønsker Hanna, Benedikte og Ingeborg hjarteleg velkomne som miljøarbeidarar på Vestborg, og gler oss til å ha dei med på laget dette skuleåret!