No er vi i gang- opningsfest på Vestborg!

Åshild Stenberg • August 15, 2026

123 elevar har flytta inn, internatet er fullt og forventningane er store. No er eit nytt skuleår på Vestborg i gang!

Laurdag 15. august var det endeleg klart for eit nytt skuleår på Vestborg. Tunet fylte seg med bilar, flyttelass og tilhengarar med syklar, og i løpet av dagen flytta mange forventningsfulle elevar inn på internatet. I år er det smekkfullt – og vi startar skuleåret med 123 elevar!


Det har vore mykje liv på skulen gjennom heile dagen. Elevane har hatt klassevise samlingar, ete middag saman og fått tid til å finne seg til rette på romma sine.


På kvelden var elevar, foreldre og tilsette samla til opningsfest. Iris Årdal Øverland og Lars Johan Stokken leia oss gjennom kvelden, og sørga mellom anna for at heile salen fekk prøve seg på «roing» som i VM.


Opningsfesten baud på både humor, song, gode helsingar og fleire fine innslag. Dei «gamle» elevane song «Langt å gå», ein god Vestborg-tradisjon ved starten av eit nytt skuleår, og lovsongsteamet beståande av vestborgelevar leia salen i lovsong.

Rektor helsa elevar og foreldre velkomne til eit nytt skuleår, russen fortalde om årets misjonsprosjekt, og Steffen Stensland, regionleiar i Misjonssambandet nordvest, heldt andakt. Vi fekk også bli betre kjent med dei tilsette gjennom ein kreativ filmpresentasjon av personalet.


Etter opningsfesten var det duka for kaffi, is, kaker og anna godt å bite i. Her fekk elevar, foreldre og tilsette tid til å prate og kose seg saman før foreldra etter kvart sette kursen heimover.


For elevane held kvelden fram med opplegg og aktivitetar for å bli betre kjent med kvarandre. Nye rom skal bli til heim, nye klassekameratar skal bli kjende – og eit heilt nytt skuleår ligg framfor oss.


Vi er veldig glade for å vere i gang og gler oss til alt det nye skuleåret på Vestborg vil by på!