Avslutningsfest 2025

I løpet av festen fekk festlyden oppleve takksame ord frå foreldreparet Anne Marit og Jostein Hals til personalet. På vegne av foreldra kom dei med ei helsing etter og hatt gleda over og hatt døtrene sine på skulen gjennom seks år.
Regionleiar Steffen Stensland hadde andakt, og rektor Jon Ove Holen kom med ei helsing.
Vg1-elevane takka vg3-elevane for måten dei har vore førebilete som eldste klasse på skulen. Dette vart gjort gjennom gode ord, men dei stilte seg også opp og song «Velsignet være alle dine dager.» Rørande!
Prosjektleiarane Hanna Aasbø og Andreas Lothe kunne informere om at russen hadde samla inn ikring 570 000,- kroner til misjonsprosjektet i Indonesia. Imponerande!
Etter ei hugtakande matykt, lagt til rette av kjøkensjef Dana &co, var det fotografering og avskjed på plenen. Det var ikkje få tårer som rann – i takksemd for gode venskap og den gode tida i lag på Vestborg.

Vg1 velsignar vg3-elevane på veg ut i livet frå Vestborg

Rektor Jon Ove Holen får blomar frå foreldra.

Regionleiar Steffen Stensland held andakt og takkar for gåva frå russen på 570 000 kroner.

Her er det fullt! :-)